Litauarane jakta på avansert GPS-utstyr.
Litauarane jakta på avansert GPS-utstyr.

Kan stå bak 35 innbrot og tjuveri

Politiet har arrestert to litauarar for grove tjuveri frå landbruks- og anleggsmaskiner.

Det har vore 35 innbrot og tjuveri av avansert GPS-utstyr på Austlandet den siste tida. Fleire av tjuveria har vore i Buskerud.

– Dei to er ikkje sikta for å innbrot i Hallingdal, seier politiadvokat Ingunn Hodne til Hallingdølen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men sjølv om to personar er arrestert har politiet ei oppmoding til publikum: Ikkje gjer verdifulle ting til eit enkelt bytte for kriminelle. Monter dyrt utstyr slik at det ikkje berre kan takast eller klippast av, parker biler og maskiner innandørs om mogleg og lås sykkelen med ein solid lås.

Dei to litauarane er varetektsfengsla for fire veker. Leiaren for felles eining for etterforsking og etterretning i Sør-Øst politidistrikt, Lena Reif, fortel at det er lagt ned ein stor innsats for å ta dei to litauarane. Politiet undersøker no om dei kan knytast til fleire straffbare forhold, og om det er fleire personar som er involvert.