Stengt FV50 

Stengt

Fylkesveg 50

fv50
Stengt FV50 Stengt Fylkesveg 50 fv50

Kan ikkje stenge Fv50

Ein avtale frå 1985 gjer det umogeleg for Sogn og Fjordane fylkeskommune å vinterstenge Fv50 mellom Aurland og Hol.

I tillegg er det Buskerud fylkeskommune som står som vegeigar fram til fylkesgrensa. Buskerud har ingen planar om å vinterstenge vegen.

Det var i laurdagsutgåva av Hallingdølen det kom fram at Sogn og Fjordane fylkeskommune, som eit av fleire innsparingstiltak, vurderer å vinterstenge Fv50 Aurland og Hol. Reaksjonane har ikkje late vente venta på seg. Leiaren i hovudutvalet for samferdsel i Buskerud fylkeskommune, Trond Johansen, tek no til motmæle.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er me som er vegeigar av Fv50 mellom Aurland og Hol. Og den vegen skal ikkje vinterstengast. Sogn og Fjordane fylkeskommune eig rett nok vegen frå fylkesgrensa vest for Geiteryggen til Aurland, men dei kan ikkje bestemme at dei vil slutte å brøyte midt oppå fjellet. Då har me heldigvis andre organ over fylkeskommunane som kan ta avgjerder for dei, seier han.

– Kjenner ikkje historia

Tidlegare ordførar i Hol kommune, Osvald Medhus, var ordførar då avtalen mellom dåverande vegeigar Oslo Lysverker og staten vart inngått 1. mars 1985. Medhus fortel at staten er avtaleforplikta til å halde vegen open som døgnopen heilårsveg.

– Staten kan ikkje endre avtaleforholdet sjølv om det no har vorte fylkesveg. Det er staten som betalar uansett.

Det er få som kjenner Fv50 like godt som tidlegare ordførar i Hol, Osvald Medhus. Han fortel at det i 1985 vart inngått ein avtale mellom dåverande vegeigar, Oslo lysverker og staten, der sistnemnde skulle avtaleforplikte seg til å halde Aurland-Hol open som heilårsveg og døgnopen.
Det er få som kjenner Fv50 like godt som tidlegare ordførar i Hol, Osvald Medhus. Han fortel at det i 1985 vart inngått ein avtale mellom dåverande vegeigar, Oslo lysverker og staten, der sistnemnde skulle avtaleforplikte seg til å halde Aurland-Hol open som heilårsveg og døgnopen.
KrF politikar og leiar i hovudutvalet for samferdsle i Buskerud fylkeskommunar, Trond Johansen fortel at Buskerud fylkeskommune ikkje har planar om å stenge Fv50
KrF politikar og leiar i hovudutvalet for samferdsle i Buskerud fylkeskommunar, Trond Johansen fortel at Buskerud fylkeskommune ikkje har planar om å stenge Fv50
Fylkesdirektør for samferdsle i Sogn og Fjordane, Velaug Veum var ikkje kjend med avtalen Staten gjorde i 1985 då ho la fram forslaget å vinterstengje Fv50.
Fylkesdirektør for samferdsle i Sogn og Fjordane, Velaug Veum var ikkje kjend med avtalen Staten gjorde i 1985 då ho la fram forslaget å vinterstengje Fv50.

– Kva trur du om at Sogn og Fjordane fylkeskommune vurderer å stenge fjellovergangen?

– For meg ser det ut som at dei ikkje kjenner historia. Det hadde vore noko heilt anna om Aurlandsvegen var ein offentleg veg frå starten og at det vart endra til riksveg, då hadde me ikkje hatt desse problema i dag. Men det spesielle er at dette var ein privat veg som staten tok over. Begge partar har ytt kvart sitt og det er ei avtalebinding. Eg trur ikkje fylkeskommunen har høve til å endre det som er ei avtale, seier Medhus.

Uaktuelt å stengja

Leiaren i hovudutvalet for samferdsel i Buskerud ser heller ikkje at Sogn og Fjordane fylkeskommune kan spara særleg mykje på å droppe brøytinga på Fv50. No lurer han også på om fylkeskommunen kan nekte å brøyte fram til fylkesgrensa mot aust.

– Må Buskerud sjølve må ta kostnaden med å brøyte heile vegen over fjellet, spør han seg før han held fram; No har me brukt millionar av kroner på Geiteryggtunnelen. Å vinterstenge vegen, ville difor vorte heilt feil.

Kommenterer ikkje

Fylkesdirektør for samferdsle i Sogn og Fjordane, Velaug Veum seier til Hallingdølen at ho har sendt saka frå seg til politisk behandling. Ho vil ikkje kommentere saka nærare.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men det er du som har skissa opp dei framtidige nedskjeringane, var du klar over at det ligg føre ei avtale om at denne vegen skal vera open som heilårsveg og at vegen skal vera døgnopen?

– Nei, det var eg ikkje kjend med, seier Veum.

– Buskerud fylkeskommune er klare på at dei vil halde vegen open gjennom vinteren, kan Sogn og Fjordane fylkeskommune nekte å brøyte fram til fylkesgrensa mot aust?

– Det kan den nok, men kor realistisk det er, veit eg ikkje. Det er det fylkespolitikarane som avgjer.

Auka forfall

Sogn og Fjordane fylkeskommune må spare inn kring 234 millionar kroner dei neste fem åra. Difor har dei skissert ei løysing med framtidige nedskjeringar i tre nivå. Siste nivået omfattar forslaget om å vinterstenge fjellovergangen Aurland-Hol og samstundes akseptere at forfallet på vegen aukar.

Tysdag skal fylkespolitikarane sjå på innsparingsforslaga frå fylkesdirektøren for samferdsle, Velaug Veum.