Gol kan bli motoren i nye Visit Hallingdal, dersom selskapet blir vidareført, og både Hemsedal og no også Hol forsvinn ut.
Gol kan bli motoren i nye Visit Hallingdal, dersom selskapet blir vidareført, og både Hemsedal og no også Hol forsvinn ut.

Kan bli til Visit halve-Hallingdal

Visit Hallingdal kan bli eit selskap utan dalens to største reiselivskommunar. Eller bli ein del av regionrådet.

Torsdag var generalforsamlinga i Visit Hallingdal kalla saman ekstraordinært for avgjere framtida for reiselivssamarbeidet i dalen.

Dei klarte ikkje å lande noko, men 14. november blir det eitt av to:

Artikkelen held fram under annonsen.

1. Selskapet blir vidareført utan Hol. Sidan Hemsedal tidlegare har meldt seg ut, betyr det at ingen av dei to største reiselivskommunane blir med.

2. Reiselivssamarbeidet, med nokre definerte oppgåver, blir lagt inn under Regionrådet for Hallingdal. Visit Hallingdal blir avvikla.

Visit Halve-Hallingdal

– Det er ikkje trekt nokon konklusjon enno, seier Lars Riise. Styreleiar i Visit Hallingdal var den som kalla inn til møtet etter at holingane sette ned foten tidlegare i haust. Dei ville ikkje lenger støtte drifta, slik selskapet var organisert.

Knut Arne Gurigard, dagleg leiar i Regionrådet for Hallingdal og regionrådsordførar Oddvar Grøthe skal sjå om reiselivssamarbeid kan bli ein del av regionrådet.
Knut Arne Gurigard, dagleg leiar i Regionrådet for Hallingdal og regionrådsordførar Oddvar Grøthe skal sjå om reiselivssamarbeid kan bli ein del av regionrådet.
Anita Borrmann Skoglund, dagleg leiar i Visit Hallingdal AS
Anita Borrmann Skoglund, dagleg leiar i Visit Hallingdal AS

Etter at Hemsedal trekte seg ut i fjor, stod Hol for det største enkeltbidraget, med kring 440.000 kroner i året.

Dersom det blir ei «vidareføring» utan Hol, betyr det eit dyrare medlemskap for dei fire kommunane som står att. Det er også dei minste reiselivskommunane i dalen.

Det er Hallvor Lilleslett, ordførar i Gol som skal sjå vidare på denne modellen og oppgåver som passar inn, i samråd med dei andre eigarane i Ål, Nes og Flå, fram til neste samling.

Prosjekt «Reiseliv»

Den andre modellen betyr at Visit Hallingdal blir avvikla som selskap, og at nokre prosjektbaserte reiselivsoppgåver kan hamne inn under i regionrådet.

Det er Knut Arne Gurigard og Oddvar Grøthe, som leiarar for regionrådet, som skal ta ballen vidare med å greie ut alternativet. Regionrådet har ikkje hatt saka til vurdering, enno.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Marknadsføringstiltak vil då truleg bli fordelt på dei lokale reiselivsselskapa og slik sett løyst lokalt, seier Anita Borrmann Skoglund, dagleg leiar i Visit Hallingdal.

– Klokt å bruke meir tid

Går ein for regionrådsmodellen blir alle kommunane igjen med, også Hemsedal. Men då er også Visit Hallingdal som selskap historie.

– Det er ikkje er eit poeng i seg sjølv i å behalde selskapet, dersom næringa ikkje sjølv ønskjer det, seier Riise.

Anita Borrmann Skoglund vel å sjå stort på det.

– Det som skjer no er vel eit resultat av mange år med vingling og dårleg drift. Ja, eg kan ha vore med å avvikle det, men det viktigaste er at dalen klarar å bli samd om godt samarbeid. Personleg er det leit å miste jobben, men eg prøver å sjå større på det.

Ho hadde håpa på konkrete vedtak under generalforsamlinga.

– Me hadde mange gode og engasjerte diskusjonar, men eigarane trengde meir tid. Det er kanskje klokt, seier ho.