Tiril S. Gjeldokk i Hallingdal SU går 2. året med studiespesialisering på Gol vidaregåande skule. For eit par veker sida hadde ho møte med Brakar. - Dei sa at dei har lov til å ha opptil 20 ståplassar. No har ho filma kaoset som er mellom elevane for å få plass på bussen.

Kamp om plassane på skulebussen - Tiril har filma kaoset

Frå fem til ti elevar i vidaregåande må til tider stå på skulebussen mellom Gol og Ål. Ruteselskapet har lov til å ha 20 ståplassar.

Tiril S. Gjeldokk, leiar i Hallingdal Sosialistisk Ungdom, var på møte med Brakar for eit par veker sidan, i høve situasjonen. Der fekk ho vite at selskapet har lov til å ha opp til 20 ståplassar på bussen.

Då blir det kamp om sitjeplassane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Filma utanfor bussen

Gjeldokk har filma utanfor ein av bussane - som syner korleis ungdommane kjempar for å kome seg på bussen for å få sitjeplass, og dessutan vil dei ofte halde av plassar til kompisar også.

– Det har vore mykje styr på skulebussen i år, fortel ho. No er det også fleire elevar frå Geilo som går på Gol vidaregåande skule. Dermed blir skulebussen enda fullare.

– Det er spesielt avgangen klokka 14.15 frå Gol mot Geilo det er trøbbel på. Og spesielt på fredagane. Det går to skulebussar seinare, men då må ein altså vente nesten halvannan time på å kome heim, fortel ho.

Gjeldokk meiner det hadde vore betre å setje den eine av desse bussane inn klokka 14.15 - når det er mest behov der.

Elevane seier dei tidvis må stå på skulebussen. Difor blir det kamp om plassane. Busselskapet har lov til å ha opptil 20 ståande.

Over fem må stå

Over fem elevar må til tider stå på skulebussen heim, om dei tek den som går klokka 14.15 frå Gol.

– Mange er redde for at dei må å stå heile vegen heim. Difor er det ganske kaotisk for å kome seg på. Folk pressar seg inn. Eg er ikkje så høg og vart sjølv klemd mot bussen då eg prøvde å kome meg på, fortel Gjeldokk. Det hjelper ikkje å vere tidleg ute. Då blir ein berre klemd uansett.

– Eg er redd nokon kjem til å skade seg.

Most på bussen

Gjeldokk fortel om folk som nær har gråte under kaoset for å kome seg på bussen. Ofte sit folk på golvet, utan noko å halde seg fast i. Det er ikkje kjekt over fartshumpane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mange reagerer på dette. Mange er sure. Eg veit om folk i 1. klasse som skriv mail til Brakar ein gong i veka, fortel ho.

Gjeldokk er og redd for ulykker langs vegen.

– Krasjar bussen, går det ikkje bra når folk står i midtgangen, eller sit på golvet. Ein har ingen ting å halde seg fast i.

Skuleelevar på vidaregåande skule må ofte stå på bussen.

Fredag kjem SV

Representantar frå SV Viken kjem til Hallingdal fredag. Då skal dei mellom anna vere med og sjå på skulesituasjonen.

– Dei spurte om det var noko me var oppteken av i Hallingdal SU - då måtte eg nemne skulebussen, fortel Gjeldokk. Sjølv tok ho i fjor ofte bussen som går seinare, for ho orka ikkje alt styret for å få ein plass. Men i år vil ho gjerne heim tidlegare.

– Det er mange som skal rekke jobb etter skulen også, fortel ho.

Gjeldokk legg til at det hjelper ikkje alltid at ein del av elevane går av i Ål. For der kjem det på nye elevar som skal heim til Geilo.

Fullt blir det lell.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Lagde skiløype tvers gjennom stova - enda i eit fleire meter høgt svev ut frå andre etasje
Les også
Mildvêret aukar faren for snøskred - følg med kor du går
Les også
Nedsnødd vinterhage sperrar all utsikt på sjukeheimen
Les også
Fann musikalsk skatt i Hallingdal - no har det blitt plate