– Det er lett å bli rusa når det renn over av mjølk og honning. Men me må bruke kløkt når det er så store summar, seier Jørund Li frå Ål Høgre.

Kallar det eit forhasta vedtak: – Det er lett å bli rusa når det renn over av mjølk og honning

Ål jublar for tilskotsordninga som gir opp mot 500.000 til nyetablerarar eller bustadbyggjarar i kommunen. Høgre meiner det er eit forhasta vedtak.

Då kommunestyret i Ål i april vedtok tilskotsordninga for dei som ynskjer å byggje eller bu i kommunen, foreslo Høgre å utsette forslaget. Forslaget fekk berre støtte frå FrP og SV under voteringa på Tingstugu.

Ville utsette

I same møte vart det vedtatt at pengane til tilskotet skulle koma frå ein pott på fire millionar. No har kommunen foreslått å auke potten til 24 millionar, etter eit ras av søknader.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Støttar 20 millionar ekstra til bustadstøtte: – Eg ser på det som ei løysing for å byggje Ål-samfunnet

Jørund Li er gruppeleiar og ordførarkandidaten til Høgre i Ål, som tok ordet under førre kommunestyremøte.

– Me ynskjer å få saka greidd ut. Det kom mange gode innspel i møtet som me ville sjå nærare på. I tillegg ville me be administrasjonen gjera utgreiingar rundt dei ulike forslaga, og økonomien.

I møtet 19. april meinte Li det var klokt å bruke meir tid på saka og kom derfor med forslag om utsetting til mai.

– Kva ville de gjort annleis?

– Me ville ha ei støtteordning som maks ville gitt 200.000 til den enkelte. Me meiner det er eit beløp som er betydeleg, som treffer fleire og har ein meir sosial profil. I tillegg vil denne bli oppfatta meir rettferdig i det breie lag av innbyggjarar. Det forslaget vann me ikkje fram med, seier Li.

Formannskapet i Ål skal samlast måndag. Frå venstre Ole Egil Trintrud (Sp), Ivar Brevik (Sp), Ola Terje Oleivsgard (Sp), Jørund Li (H), Marit Sehl (SV), Karsten Popp Dideriksen (rådmann), Lene Prestegård (Ap) og Solveig Vestenfor (Ap).

For mykje pengar

Det er fyrst og fremst storleiken på ein halv million frå kommunekassa til den enkelte bustadkjøpar eller bustadbyggjar Høgre reagerer på. Han seier det er «uhorveleg mykje pengar».

– Det er jo nærare ein million i brutto pengar.

– Korleis då?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er mykje pengar som skal tenast og betalast avgifter av, før ein sit att med 500.000, seier Li som er redd for at ordninga skal bli oppfatta som urettferdig.

Les også
Lang debatt då bustadstøtte skulle opp - forslag om å utsette vart nedstemd

50 har søkt tilskotsordninga. Tre har alt har fått avslag og ni har fått tilsegn. Om lag 40 ventar altså på om kommunen løyver meir pengar til ordninga i år, eller om dei må vente til det kjem meir pengar på budsjettet til neste år.

Ikkje berekraftig

– Eg har ikkje lyst å seie «kva var det eg sa», men du skal få nokon av argumenta:

– Slik forslaget er no er det ikkje økonomisk berekraftig over tid. Og eg har betenkelegheiter ved om ordninga vil treffe godt nok slik ho er meint, seier Li og held fram:

– Vil me sjå rekruttering og tilflytting til kommunen, eller vil me sjå auka bustadprisar? Med det siste skyt me oss kraftig i foten, meiner eg.

Les også
50 unge har søkt bustadtilskot - vil auke potten med 20 millionar

Han spør også om dei søkjarane som kjem utanbygds frå er frå andre hallingdalskommunar.

– Det er store beløp, og me må tenkje oss godt om. Det er ikkje ofte du høyrer meg seie dette: Men her har det gått for fort. Me skal no vurdere om me skal dele ut meir pengar enn kva me dreg inn i eigedomsskatt.

Ikkje dumt å vente

– Kva for forventningar har du til formannskapet på måndag?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er klar for gode meiningsbrytingar med gode kollegaer i formannskapet. Eg er trygg på at me har ein jobb å gjera her, så dette treffer så godt som det er meint å treffe.

– Det er lett å bli rusa når det renn over av mjølk og honning. Men me må bruke kløkt når det er så store summar.