Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) har vore i Nesbyen før, her tinghuset i Hallingdal. Sundag kjem ho til bygda på nyt for å sjå på flaumskadene.

Justisminister Mehl ser på flaumskader - til Nesbyen sundag

Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) varslar sin ankomst til Nesbyen sundag.

Statsråden skal på rundtur for å sjå på flaumskadene og herjingane etter ekstremvêret «Hans».

Ho skal besøke Innlandet og Hallingdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Besøket startar på Dokka og Nordre Land, før turen går vidare til Sør-Aurdal og Bagn. Og til slutt til Nesbyen, opplyser informasjonsavdelinga i Justisdepartementet.

Mehl skal vere i Nesbyen på ettermiddagen.

Nesbyen har enorme materielle skader etter at Hallingdalselva gjekk over sine breidder og la store delar av Nesflata under vatn. Mange hus er skadd og øydelagt.

Flaumen er den største på over 100 år.

Lenger oppe i Hallingdal er det også voldsomme skader. Der har dramatikken også vore endå større.

Tre bustadhus vart tatt av jordskred langs Strandafjorden i Ål. Berre flaks gjorde at liv ikkje gjekk tapt.

I tillegg har ei heil rekkje mindre ras gjort skade på hus og eigedommar og vegar.