Eit bustadhus vart teke av jordskredet langs Strandafjorden i Ål, ikkje langt frå Kleivi.

Redda seg ut då huset vart tatt av jordraset - berga med helikopter

Ein person var i huset då jordraset gjekk ved Strandafjorden i Ål. Mens huset forsvann i jordmassane, vart bebuaren redda av helikopter.

Raset vart meldt rett rundt klokka 16.30.

Det var ein bebuar i huset då raset råka.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vedkommande kom seg ut, bekreftar politistasjonssjef Brit Fyksen. Ingen er meldt sakna etter raset.

Ut med helikopter

Forholda gjer at det er vanskeleg for brannvesenet å ta seg inn i området.

– Dette området er utilgjengeleg for mannskapa våre akkurat no, sa Jan Rundtom ved Sør-Øst 110 til Hallingdølen rundt klokka 17.15.

– Me observerer området, og får støtte frå helikopter.

Politistasjonssjef Fyksen fortel at personen som redda seg ut av huset, er berga ut med helikopter.

I tillegg til at huset reiste, vart også ein bil tatt av det same raset.

– Ein person er skadd, seier Fyksen. Vedkommande vart sendt til legevakt for sjekk.

Fleire bilar er innestengt på Rv7 langs Strandafjorden i Ål.

Innestengt

Rv7 er stengt både ved jordskredet ikkje langt frå Kleivi og lenger aust, mot Ål sentrum. Det betyr at ein god del bilar står innestengt mellom dei to stadene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til saman er no cirka 100 husstandar i Ål evakuert. 50 husstandar er evakuert i området ovanfor Sundre. Noko seinare vart også bebuarar i Bergstigen-området i Gamlevegen og husstandar nedst i Vestlia. Det bekrefta ordførar Solveig Vestenfor tysdag ettermiddag.

– Det går fleire små ras akkurat no, seier Fyksen.

– Kommunane i Hallingdal jobbar veldig godt med det som potensielt kan skje. Men folk må ta vare på seg sjølv. Om dei tenker det kan vere risikabelt der dei er, må folk ta ansvar slik at dei ikkje kjem til skade, seier ho.

Naudetatane har store utfordringar med å ta seg fram. Ras og flaum har delt Hallingdal opp i fleire bitar.

– Folk må ikkje nøle med å ringe og be om hjelp. No er bakken så metta med vatn at det kan gå ras der ein ikkje trudde det kunne skje, seier Fyksen.

Ifølgje Telenor har fleire jordras ført til trøbbel med mobildekning i Ål. Dekningsdirektør Bjørn Amundsen melder at årsaka primært er straumbrot, men at det også kan ha skjedd eit fiberbrot.

På kartet over kan du sjå kor det er trøbbel med dekninga. Område i raudt er heilt avsperra.