– Nettmobbinga gjennom Jodel er eit kollektivt problem som me må ta tak i på skulen, seier Sarah Sandanbråten.
– Nettmobbinga gjennom Jodel er eit kollektivt problem som me må ta tak i på skulen, seier Sarah Sandanbråten.

Jodel: – Dette er uakseptabelt

Folka bak appen Jodel seier dei aksjonerer mot netthets.

– Me har nulltoleranse når det gjeld kriminelle aktivitetar, truslar eller mobbing på vår app, svarar Alexander Linewitsch frå Jodel i ein e-post til Hallingdølen.

Anonym hets

I Hallingdølen laurdag kunne ein lese at fleire namngitte personar i Ål og Gol har vorte hetsa gjennom appen Jodel dei siste vekene. På grunn av nettmobbinga bestemte Jodel seg for å stenge av for bruk i Gol for ein periode. Også i Ål fekk brukarane ein åtvaring. Jodel blokkerte også brukarar andre stader i landet etter liknande og verre hendingar der.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Sjølv om det var mange gode «jodlarar» også på desse stadene, så har me opplevd fleire overtramp som me ikkje kan akseptere. Slike ytringar er ikkje noko me ønsker, og det er ikkje representativt for kva 98 prosent av brukarane våre legg ut, fortel Linewitsch.

Eit kollektivt problem

På Gol vidaregåande skule hadde mange klassemøte med kontaktlærar måndag. Der var problemstillinga rundt Jodel eit tema.

– Alle i min klasse var samde om at man ikkje skal henge ut folk, fortel Sarah Sandanbråten (18), leiar i skolemiljøutvalet på Gol vgs.

Sidan Jodel publiserer innlegg frå eit 10 kilometer stort geografisk område og brukarane er anonyme, kan ein ikkje vite om meldingane kjem frå folk på skulen eller frå andre utanfor.

– Men for skulen sin del er det eit kollektivt problem som me vil ta tak i, seier ho.

Sandanbråten fortel at det ikkje har vore nokon personåtak på appen dei siste dagane og ho håpar det vil roe seg framover.

Politiet opplyser at ingen har meldt nokon for overtramp på Jodel dei siste dagane.

* Tyskprodusert app.

* Lar brukarane legge ut meldingar anonymt.

* Gir deg oppdateringar frå brukarar i eit geografisk avgrensa område på 10 km.

* Laga for at folk kan dele idear og opplevingar med menneska rundt seg.

* Det har vore fleire tilfelle av misbruk i Noreg dei siste vekene.

* Skuler i Tønsberg og Porsgrunn stengt på grunn av trugsmål.

* Namngitte personar er blitt hetsa.