Steinar Bleken (V) er kritisk til dei som påstår at Riksadvokaten har strippa politiet for verkemiddel til å kjempe mot ulovlege rusmiddel. Her fotografert med ein heilt lovleg øl under valvaka i Hemsedal i haust.

– Ja, eg er rusliberal. Men det betyr ikkje at eg vil ha meir rus eller lettare tilgang på rusmiddel

Han meiner legalisering av cannabis er rett politikk for å redusere bruken av narkotiske stoff.

Den siste tida har Hallingdølen hatt fleire oppslag om rus og ruspolitikk. I kjølvatnet av avisoppslaga, har Venstre-politikar Steinar Bleken markert sterke meiningar, mellom anna om å legalisere cannabis.

– Mange oppfattar deg som ein rusliberalar. Er det slik du sjølv ser posisjonen din?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Liberal betyr jo at ein har ein avgrensa stat, og at alle har dei same rettane. I den tydinga er eg rusliberal, men det betyr ikkje at eg vil ha meir eller lettare tilgang. Eg vil ha mindre og vanskelegare tilgang på rusmiddel, seier Bleken.

Statsmonopol på cannabis

– Er løysinga då å legalisere narkotiske stoff?

– Ja, cannabis bør legaliserast. Me kan ikkje diskutere «narkotika» som om det er éin ting. Det er enorme skilnader, både i verknad og skadeomfang, seier Bleken. Cannabis er det mest vanlege av ulovlege rusmiddel, men også bruk av kokain er på veg opp. Bleken er ikkje tilhengjar av å legalisere kokain.

– Kokain og cannabis er to heilt forskjellige stoff, med svært forskjellige verknader, og ulike brukargrupper. Men slik det er i dag, kan cannabis vere ein døropnar til kokain, fordi det er dei same folka som dealar, seier han.

Ifølgje Bleken vil legalisering av cannabis føre til at kriminelle miljø mistar sin største og viktigaste marknad. Då mistar dei samstundes den viktigaste kanalen for å rekruttere nye kundar til tyngre og farlegare stoff.

Ideen med å legalisere cannabis, er å redusere bruken og gjere det trygt ved å få kontroll på kor stoffet blir kjøpt. Bleken viser til erfaringar frå Canada. Det finst framleis ein illegal marknad, men omfanget krympar. Tre firedelar av omsetnaden er i dag i den legale marknaden, hevdar han.

Det finst ingen dokumentasjon på at straff mot bruk har effekt.

Bleken er sterkt kritisk til dei som ønskjer politiet sterkare på banen og at politiet skal få fleire verkemiddel.

– Er ikkje politiet eit nødvendig verktøy når samfunnet skal overvinne rusbruk?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Politiet har ein viktig jobb for å ta omsetningsleddet, dei som smuglar og sel, men dei må skaffe seg konkrete haldepunkt og mistanke for å slå til mot aktørane. Dei har ei viktig rolle for å ta seljar- og smuglarleddet, men ikkje for å gå etter brukarleddet. Det finst ingen dokumentasjon på at straff mot bruk har effekt.

– Politiet må jobbe for å skaffe seg tillit hos ungdommen, og tillit får dei ikkje ved å true med å ta frå ungdommen mopedlappen eller andre sanksjonar, seier Steinar Bleken (V).

– Mange etterlyser at politiet engasjerer seg sterkare i Hallingdal. Kva tenkjer du om det?

– Eg har lite sans for at politiet går rundt på foreldremøte og skremmer folk eller oppmodar til å melde frå til politiet ved mistanke om bruk. Informasjonen burde flyte motsett veg. I staden for å be skulen melde til politiet, burde politiet dele informasjon med skule, helse og hjelpeapparat, viss dei oppdagar ungdom som slit. Politiet må jobbe for å skaffe seg tillit hos ungdommen, og tillit får dei ikkje ved å true med å ta frå ungdommen mopedlappen eller andre sanksjonar.

– Behandling, ikkje straff; gjeld det uavhengig av om me diskuterer heroinvrak som har rusa seg i årevis eller 17-åringar tek si første stripe med kokain på ein ungdomsfest?

– Straff hjelper ingen.

Politiet må følgje lova

I ein av Facebook-trådane til Bleken har han skrive at politiet ikkje har mista verktøya sine, men at dei må forstå å bruke dei rett. Han er kritisk til politi som påstår at Riksadvokaten har tatt frå dei verkemiddel.

Riksadvokatens syn på narkotikasaker

Riksadvokaten har i Aftenposten sjølv tilbakevist at politiet er fråteke verkemiddel. I ein kronikk skriv riksadvokat Jørn Maurud at:

* Narkotika er ikkje avkriminalisert: Kjøp, oppbevaring og bruk av narkotika er framleis straffbart.

* Politiet kan nytte dei same verkemidla som før.

* Politiet skal ikkje straffeforfølge rusavhengige. Men ungdom som prøver ulovlege rusmiddel kan ikkje reknast som rusavhengige.

* Riksadvokaten ber om at narkotikadebatten blir basert på fakta, ikkje mytar.

– Kan du utdjupe kva du meiner politiet har høve til å gjere?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei kan visitere, dei kan be folk om å tømme lommene, dei kan sjå kva dei har i ryggsekken, dei kan beslaglegge og destruere stoff ved mistanke om bruk. Alt dette kan dei gjere utan å snakke med politiadvokat. Men skal dei derimot ransake bil, heim eller mobiltelefon, må dei først ha etablert konkret mistanke om sal og få godkjenning til ransaking. Viss politiadvokaten meiner det er grunnlag for det, har dei eit spekter med verkemiddel, inkludert kroppsvisitering. Men det kan ikkje skje ute på gata framfor venner og tilfeldig forbipasserande. Dette er eit verkemiddel som må brukast humant.

– Viss det mistanke om at det blir omsett narkotika på ein vidaregåande skule, kvifor kan ikkje politiet sende inn ein hund inn for å finne ut kva for eit bokskap som luktar?

– Fordi det er tilfeldig ransaking, som er grunnlovsstridig. Viss politiet har konkret mistanke til ein person, kan dei gå til politijuristen og be om løyve. Då må politiet underbygge mistanke med tradisjonelle politimetodar, og be om godkjenning av politijuristen til å ransake med hund for å kontrollere skåpet dei har mistanke til. Og dette bør gjerast utanfor skuletid, viss ikkje kryssar det raskt grensa til tilfeldig ransaking.

Magert faktagrunnlag

– Ungdom me har snakka med, rapporterer om utbreidd kokainbruk. Kva kunnskap har me om kor utbreidd det er i dag?

– Det veit me ikkje. Det er ingen som veit. Ungdata-undersøkinga har blitt gjennomført med tre års mellomrom i 20-30 år. Den siste er frå 2021. Det betyr at det kjem nye data i løpet av sommaren. Då vil me få vite litt meir. Men basert på det me fekk vite for tre år sidan, er det ein forsvinnande liten del av ungdommen som bruker kokain.

– Trur du ungdomen blåser det ut av proporsjonar?

– Det er klart at viss det er to som synleg sniffar kokain på ein fest med 100 deltakarar, kan det bli oppfatta som vanleg, sjølv om det er berre to prosent som rusar seg. Det er ingen som veit kor utbreidd dette er i dag, heller ikkje dei som roper på meir politi.

Har du forslag til konkrete tiltak for å møte problemet med at kokainbruken aukar?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Politiet kan i alle fall slutte å seie at kokain er «normalisert». For er det noko ungdommen ønskjer å vere, så er det å vere normale, også når dei får høyre frå politiet eller av media at rusmiddelet er normalt.