Etter eit opphald på Flå stasjon der dei skadde vart tekne hand om, køyrde toget vidare mot Oslo, opplyser NSB.
Etter eit opphald på Flå stasjon der dei skadde vart tekne hand om, køyrde toget vidare mot Oslo, opplyser NSB.

Isras råkte toget - passasjerar skadde

Nokre få passasjerar vart lettare skadde då regiontoget til Oslo var treft av eit isras.

– Toget vart køyrt inn til Flå stasjon, og der vart dei skadde tekne hand om av helsepersonell, seier pressevakt Gina Scholtz i NSB.

Det var ved 13-tida tysdag at toget vart treft av israset mellom Bergheim og Flå.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fleire vindauge vart knust i ei passasjervogn, og to eller tre passasjerer fekk kuttskadar. Helsepersonell tok hand om desse på stasjonen. Toget vart ståande på stasjonen til politiet har kome til staden og gjort  sine undersøkingar.

– Etter å ha undersøkt skadene, fekk toget køyre vidare mot Oslo, seier Stoltz.

Mannskap frå Bane Nor var på staden der raset gjekk og kontrollerte strekninga.