Sindre Thoresen Lønnes, Hilde Kirkebøen, Sigrid Flaata, Hedda Christensen, Ingvild Kaslegard, Hilde Bjørnsvik og (såvidt synleg) Agnes Kirkebøen (75).
Sindre Thoresen Lønnes, Hilde Kirkebøen, Sigrid Flaata, Hedda Christensen, Ingvild Kaslegard, Hilde Bjørnsvik og (såvidt synleg) Agnes Kirkebøen (75).

Iskaldt fellesskap

Eg er ein sånn type som badar, gjerne året rundt og helst i kaldt vatn. Det er visst fleire som meg.

Heilt frå isen går på Vatsfjorden i mai og til den legg seg i november, tek eg meg ein dukkert. For meg er det den beste måten å klarne hovudet på. Iskaldt vatn fjernar alle stressande tankar, og fører kroppen over i ein slags unntakstilstand. Nokon kallar det for ei avriving, for meg blir det ei form for meditasjon. Fram til no har eg bada åleine, og om vinteren har isen avgrensa mine kortreiste bad. Men torsdag møtte eg for første gong Hallingdal Vinterlaugarlag. Romjulsbadet har etter kvart blitt ein årleg tradisjon, og torsdag ettermiddag var me ti stykk som hoppa i Hallingdalselva ved Hallingdal Feriepark. Og no som Hilde Kirkebøen, ein av stiftarane av laget, har flytta heim til Ål vert vinterbadinga meir enn ein romjulstradisjon.

– Eg håpar me kan få til bading ein gong i veka, gjerne fredagar eller laurdagar, fortel ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det kan eg like. Me sjåast mellom isflaka!