Det er ikkje lenger lov å grille i Hallingdal etter at det er innført totalforbod mot all bruk av open eld. (Illustrasjonsfoto)
Det er ikkje lenger lov å grille i Hallingdal etter at det er innført totalforbod mot all bruk av open eld. (Illustrasjonsfoto)

Innfører totalforbod mot all bruk av open eld

Skogbrannfaren er svært stor. Frå og med i dag er all bruk av open eld forbode i heile Hallingdal.

– Me forstår godt om somme blir skuffa over at dei ikkje får grille pølsene på bål eller eingongsgrill. Men situasjonen er ekstraordinær. Totalforbod mot open eld er nødvendig. 

Det opplyser John Bjella, brannsjef i Hallingdal brann- og redningsteneste IKS.

Artikkelen held fram under annonsen.

LES OGSÅ: Så stor er skogbrannfaren der du er - akkurat nå

Saman med Hol brannvesen gjekk Hallingdal brann- og redningsteneste IKS i dag ut med totalforbod mot bruk av open eld.

Tørkeskadd vegetasjon bidreg til brannfare langt over normalen.

Skogbrannfaren aukar i takt med høge temparaturar og utan nedbør i sikte ser brannvesenet ingen veg utanom å innføre totalforbod mot bruk av open eld.
Skogbrannfaren aukar i takt med høge temparaturar og utan nedbør i sikte ser brannvesenet ingen veg utanom å innføre totalforbod mot bruk av open eld.

SMS-varsel

Bjella håpar folk forstår at det skal svært lite til for å starte ein brann. No må ein vera ekstra forsiktig. Det gjeld alle, heile tida og over alt, legg Bjella til.

Fredag vil alle som oppheld seg i kommunane i Hallingdal få ein SMS med varsel om dette. Sist det gjekk ut eit slikt varsel, i månadsskiftet mai/juni, tok 104.000 personar imot meldinga. Det var folk som på ein eller annan måte hadde opphald i Hallingdal i dagane under og etter at varselet gjekk ut. Også då var det svært tørt.

296 skogbrannar

Det har i alt vore 296 skogbrannar i Norge i år. Dett er nesten like mange som i heile fjor, og skogbrannfaren er på høgste nivå fleire stadar.

Direktoratet for samfunnsberedskap og sikkerheit (DSB) har registrert 754 grasbrannar mot 773 for heile fjoråret, skriv Dagsavisen.

Samtidig fortset den uvanlege tørkeperioden Austafjells. Sjølv om meteorologane varslar at det kan dukke opp enkelte regnbyer i helga, minkar ikkje skogbrannfaren.