Politiet fekk sist veke inn meldingar om fleire innbrot i dette området. (Arkivfoto)
Politiet fekk sist veke inn meldingar om fleire innbrot i dette området. (Arkivfoto)

Innbrotsraid på Gol og Geilo

Politiet står utan spor etter to innbrotsraid på Golsfjellet og på Geilo. No oppmodar politiet hytteeigarar om å sjekke hyttene sine.

I løpet av få dagar forrige veke har politiet registrert 22 hytteinnbrot.

12 av innbrota har skjedd i Havsdalen på Geilo medan 10 har skjedd ved Tegnhølen på Golsfjellet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Følg med

Politiet oppmodar no hytteeigarar til å sjå etter hyttene sine.

– Mange har ikkje vore på hyttene sidan påske og sidan Skarverennet. Folk bør difor ta ein sjekk på hyttene, seier etterforskingsleiar ved Hol lensmannskontor, Brit Fyksen.

Fyksen og resten av politiet i Gol og Hol står førebels med fleire spørsmål enn svar.

Etterforskingsleiar Brit Fyksen ved Hol lensmannskontor etterlyser tips frå publikum.
Etterforskingsleiar Brit Fyksen ved Hol lensmannskontor etterlyser tips frå publikum.

– Me ønskjer tips frå publikum. Me oppmodar også folk til følgje med i hytteområda. Dei må vere merksame på mistenkjeleg aktivitet, seier Fyksen.

22 innbrot

Politiet fekk i løpet av forrige veke inn meldingar om ei rekkje hytteinnbrot i Havsdalen.

Fem av innbrota skal ha skjedd i løpet av tysdag kveld, men i løpet av helga har det kome inn meldingar om ytterlegare sju. Det var også tysdag at politiet fekk melding om dei ti innbrota på Golsfjellet. Framgangsmåten er også lik. Etter å ha brote opp eit vindauge eller ei dør, har innbrotstjuvane rota rundt utan å stele noko av særleg verdi. Politiet vil likevel ikkje sette innbrotsraida direkte i samanheng.

– Det me oppfattar som verdigjenstandar er ikkje stole. Nokre stader har det vorte stole nokre myntar, elles er veldig lite stole. Men det er for tidleg i etterforskinga til å sette dei i samanheng, seier Fyksen.

Etterforskar

Dei 22 hytteinnbrota kjem i tillegg til ni innbrot på Golsfjellet i mars.

Artikkelen held fram under annonsen.

I løpet av få dagar vart det gjort innbrot i området Åsgardane, Lauvset, Skrøyvestølane og ved Tegnhølen. Sakene har vorte etterforska sidan.

– Etterforskinga er ikkje ferdig, men me har forhåpentleg noko der utan at eg kan seie meir om det no, seier Fyksen.

Heller ikkje i desse hytteinnbrota ser det ut til at tjuvane var på jakt etter store verdigjenstandar. I ei av hyttene vart det stole ein TV. Elles er det berre meldt om stolne myntar og andre småting.