Ein evalueringsrapport stiller fleire kritiske spørsmål ved prosjektet Ringeriksbanen.

– Ingenting vesentleg nytt om Ringeriksbanen

I ein siste kritisk gjennomgang før regjeringa skal ta endeleg stilling til Ringeriksbanen, kjem eit konsulentfirma med nedslåande konklusjonar for alle som vil ha banen bygd.

Prosjekteringa av Ringeriksbanen og ny E16 bør gjerast på nytt, foreslår ekspertane i ein fersk rapport.

Kvalitetsrapporten om Fellesprosjektet Ringeriksbanen E16 mellom Sandvika i Bærum og Hønefoss, KS2, er utført Møreforsking saman med konsulentselskapet Marstrand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
— Ringeriksbanen er toppen av kransekaka
Les også
Grønt til Bergen

Ifølgje NRK grunngir dei sine slutningar med at eit jernbaneprosjekt ikkje treng å vera eit godt miljøtiltak. Dei meiner det kan løne seg å redusere omfanget av utbygginga, og heller sjå veg og bane meir kvar for seg. Omfattande tunneldrift vil saman med nedbygging av våtmarksområde dra ned miljøgevinsten for Ringeriksbanen slik han er planlagd. I tillegg meiner konsulentane at jernbane snart kan bli utkonkurrert av både småbilar og tungtransport med null utslepp.

Seniorrådgjevar Knut Arne Gurigard, Regionrådet for Hallingdal.

Dempar kritikken

Men medan saka torsdag morgon fekk toppoppslag i NRK, meiner seniorrådgjevar Knut Arne Gurigard i Regionrådet for Hallingdal at det ikkje kjem fram opplysningar i rapporten som ingen kjende til frå før.

– Dette er ein kvalitetssikringsrapport. Oppgåva til den som skriv rapporten er å vera kritisk og eigentleg å fokusere på negative sider. Men det er ingenting nytt i denne rapporten i høve til det som går på økonomi, klima og så vidare. Alt her er sjekka ut av både Jernbaneverket og seinare Bane Nor. Eg trur ikkje det er nokon store overraskingar i denne rapporten i det heile, seier Gurigard.

Les også
Ringeriksbanen vil skape vekst i Hallingdal

I vår skal regjeringa vedta investeringa, som ifølgje NRK kan ende opp med ein prislapp på opp mot 40 milliardar kroner. Hallingdølen har snakka med statssekretær John-Ragnar Aarseth i Samferdselsdepartementet. Innan han har konsultert samferdselsminister Knut Arild Hareide, har han berre eit knapt svar på Hallingdølens spørsmål.

– Er det noko som overraskar deg i denne rapporten?

– Nei. Ikkje noko spesielt. Eg lovar å koma tilbake med meir utfyllande kommentarar seinare.

Ringeriksbanen. Trasé pr. april 2016
John-Ragnar Aarset.

– Ver tolmodige

Aarseth har også sendt ein e-post til NRK der han kommenterer saka slik: «Det er riktig at departementet mottok sluttrapporten for KS2 av FRE16 fra Marstrand AS og Møreforsking Molde AS i januar. Rapporten inneholder en rekke vurderinger og anbefalinger, som vi skal sette oss godt inn i.

Vi venter også på et samordnet innspill fra Jernbanedirektoratet, Bane NOR og Statens vegvesen med kommentarer til rapporten. Dette prosjektet er ett av mange prosjekter som vurderes i forbindelse med at vi legger fram Nasjonal transportplan denne våren. Vi må smøre oss med litt tålmodighet inntil planen legges fram og vi ser helheten av det regjeringen velger å prioritere.»

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
– Ringeriksbanen må få grønt lys

.