Så langt er det ikkje påvist koronasmitte i Flå. (Arkivfoto)

Ingen koronasmitte i Flå - så langt

— Me har god kontroll på situasjonen. Fleire er testa, men det er ikkje påvist koronasmitte i Flå.

Det opplyser kommuneoverlege Cecilie Røed Medbøen. Åtte personar er blitt testa. Så langt har ein fått svar på fem av prøvene. Alle var negative. Men 12 personar er sett i heimekarantene. Dei fleste av desse har vore i kontakt med personar som har fått påvist smitte.

Flå gjer som andre kommunar og fylgjer råda og retningslinene frå Folkehelseinstituttet når det gjeld tiltak. I tillegg legg kommuneoverlegen stor vekt på råda frå Legeforeninga. — Dessutan har eg tett dialog med dei andre kommuneoverlegane i dalen. Det er både viktig og nødvendig i denne situasjonen, understrekar ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Også i Flå er fleire arrangement avlyst. Det gjeld mellom anna ei større samling ved Jakt og fiskesenteret til helga.

– Så langt har me god kontroll og oversikt. Eg arbeider også i tett på skulen og kommuneleiinga, Men pågangen frå folk som har spørsmål er stor. Mitt generelle råd er at alle som føler seg dårleg og som har luftvegsymptom, bør halde seg heime til dei blir friske, understrekar kommuneoverlege Cecilie Røed Medbøen.