Delar av den store kvite tidlegare skulebygningen på Næringstunet kan bli leilegheiter.
Delar av den store kvite tidlegare skulebygningen på Næringstunet kan bli leilegheiter.

Ingen kjøpar

Skue Sparebank vil gjere om delar av det gamle skulebygget i Nesbyen til leilegheiter.

– Det har ikkje lykkast å selje dette bygget. Derfor ser me no etter andre moglegheiter, seier administrerande banksjef Hans Kristian Glesne.

Og alternativet som no er presentert for Nes kommune er å gjere om delar av bygget på Næringstunet som står tomt til leilegheiter. Det vil seie heile andre etasje. Totalt ser banken for seg omkring 20 bueiningar på ca. 170 kvadratmeter og 1–2 næringsseksjonar i bygget.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I første etasje er det selskapslokale, og eit par selskap leiger også kontor i denne etasjen. Første etasje skal me ikkje gjere noko med, seier Glesne.

Banken kjøpte

Dermed er det som ein gong var det praktfulle skuleanlegget til Nesbyen vidaregåande skule i ferd med å bli leilegheiter.

Dåverande Nes Prestegjelds Sparebank hadde heilt andre planar då banken kjøpte skuleanlegget for seks millionar kroner etter at Buskerud fylkeskommune kasta korta og avvikla Hallingdal Kompetansesenter (HAKOS) før dette prosjektet i det heile fekk sjansen til å vise om det var levedyktig. HAKOS var nemleg plasteret på såret som nesningane fekk etter at fylkeskommunen la ned den vidaregåande skulen i 1999 etter mykje støy. Nedlegginga av skulen er framleis eit sår i Nes.

Ein gong eit flott skuleanlegg. «Raudbygget» er bygd om til leilegheiter. No står den kvite bygningen for tur.
Ein gong eit flott skuleanlegg. «Raudbygget» er bygd om til leilegheiter. No står den kvite bygningen for tur.
Administrerande banksjef Hans Kristian Glesne.
Administrerande banksjef Hans Kristian Glesne.

Satsa

Nes-banken hadde ein klar ambisjon om å bygge opp eit nærings, kurs- og konferansesenter i det tidlegare skuleanlegget, som fekk namnet Næringstunet.

Men det gjekk ikkje som planlagt. Det vart eit tungt prosjekt å lyfte fram, og etter kvart begynte banken gjennom eigedomsselskapet sitt å selje unna. «Gulbygget» med gymnastikksal og spesialinnreida musikkrom vart selt privat, det tidlegare realskulebygget, raudbygget, er vorte leilegheiter og internatet til den vidaregåande skulen vart selt for fire år sidan. No står den store kvite skulebygningen, som vart bygd då den gamle realskulen vart til eit kvinneleg utdanningssenter som det heitte den gongen på slutten av 60-talet, for tur. Det er den siste bygningen banken sit på.

Skal ikkje drive

Glesne seier at det ikkje er teke stilling korleis dette skal gjerast. Om banken utviklar dette sjølv, eller sel det som eit prosjekt etter at bygget er regulert til leilegheiter.

Glesne forklarar kvifor banken set sluttstrek på Næringstunet.

– Banken hadde tidlegare ein breiare strategi, som å utvikle eigedom. Styret vedtok seinare å endre denne. Dermed ligg det utanfor bankens strategi å drive eit kurs- og konferansesenter, seier Hans Kristian Glesne.