Med milde temparaturar og blå himmel var det reine påskestemninga i alpinbakkane på Geilo i helga, her frå Geilo-løypa.
Med milde temparaturar og blå himmel var det reine påskestemninga i alpinbakkane på Geilo i helga, her frå Geilo-løypa.

Ingen grunn til å la skia stå – det finst godt føre!

Vinteren er ikkje like synleg som i «gamle dagar», men det finst godt føre og gode forhold trass i alle vårteikn du ser i hagen.

– Me kunne sjølvsagt ønskt oss litt meir snø, seier Benedicte Kampevold, med skarre-r og alpinski på beina.

– Som bergensar finst det vel kortare veg til alpinbakken enn Geilo?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Problemet er at alle ligg i område med dårleg vêr. Faktisk må ein eigentleg heilt til Geilo, seier ho.

Overraskande bra

Familien har hatt hytte på Ustaoset i 50 år. Nyleg er ho erstatta med meir komfort i form av sentrumsnær leilegheit i Geilo sentrum. Dermed er turane i alpinbakken endå lettare å få til.

Om ein skal døme etter trafikken i skiheisane på Geilo i helga er det mange som ser det slik, og ikkje berre nordmenn.

Marius Giskeødegård (bak f.v.), Linus Giskeødegård, Benedicte Kampevold, Ane Giskeødegård og Laurits Giskeødegård (framme) hadde ei fin helg på Geilo, men håpar på meir snø når dei kjem tilbake i vinterferien.
Marius Giskeødegård (bak f.v.), Linus Giskeødegård, Benedicte Kampevold, Ane Giskeødegård og Laurits Giskeødegård (framme) hadde ei fin helg på Geilo, men håpar på meir snø når dei kjem tilbake i vinterferien.
Parkane kring Kikutheisen gir rom for sprell trass i lite natursnø. Her var det gode forhold i helga.
Parkane kring Kikutheisen gir rom for sprell trass i lite natursnø. Her var det gode forhold i helga.
Det vart fleire såre bakendrar etter eit hardt møte med underlaget i Sonja-løypa i helga.
Det vart fleire såre bakendrar etter eit hardt møte med underlaget i Sonja-løypa i helga.
Sonja-løypa vart i glattaste laget for mange laurdag.
Sonja-løypa vart i glattaste laget for mange laurdag.

– Det finst knapt snø i heile Europa, så ein må vel vere tilfreds med dette, seier ein danske, som også har familien med.

Dei prøvde seg i dei bratte løypene ned frå Geilohovda, og fekk dermed bryne seg på relativt isete underlag mange stader.

Då var det langt betre forhold i området Slåttaheisen, for ikkje å snakke om nedfartane frå Kikuttoppen på andre sida av dalen.

Trass i lite natursnø har dei gjort eit godt grunnarbeid som gir overraskande gode skiforhold.

Mogeleg å gå langrenn også

Slik er det også i skisporet. Både på Kikut og ved Geilo Stadion har ein kunstsnø også i langrennssporet. Dermed finst det sentrumsnære spor.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Ustedalsfjorden rundt» er ikkje råd å gå med ski, men det er meld om gode forhold når ein først kjem eit stykkje inn i Havsdalen mot Prestholt.

Også andre stadar i regionen finst det skispor, melderskisporet.no.

Skogsløyper i le for vinden er ofte skjerma. På Golsfjellet er Storefjell eit mogeleg utgangspunkt, fordi det er gjort tiltak. Både Bergsjøområdet og Liatoppen i Ål og Gravset i Hemsedal har køyrd opp spor i helga. Det same gjeld Trondrudmarka og Myking i Nes og Vassfarfjellet i Flå. Øygardsgrend i Nore og Uvdal er også ein mogelegheit.

Godt føre er blitt vitskap

Det gjekk i alpint på Geilo for familiane Giskeødegård og Kampvold i helga. På laurdag var dei på jakt etter skiskule for at ein av dei yngste skulle få litt «profesjonell» hjelp til å kome i gang.

Sundag var koden knekt, og alt topp. Det borgar for fleire turar i bakken i åra som kjem.

– Om me kan velje vil me heller ha pudder. Kan de love det til me kjem tilbake til vinterferien, spør Kampevold.

Mest truleg må både ho og oss andre lite meir på at dei som driv skianlegg og køyrer spor veit kva som må til for å sikre skiføre, for det er lite draghjelp å få frå lufta. Godt skiføre er blitt vitskap, ein vitskap dei som driv i reiselivet bør studere nærare i tida som kjem.