Villrein i Nordfjella. (Arkivfoto)
Villrein i Nordfjella. (Arkivfoto)

Informasjonsmøte om skrantesjuke

Kva veit me så langt, og korleis går me vidare?

Villreinnemnda for Nordfjella og Fjellheimen og Nordfjella villreinutval arrangerer informasjonsmøte om skrantesjuke på Torpomoen fyrstkomande torsdag.

Denne smittsame sjukdomen art oppdaga i Nordfjella i 2016. Sjukdomen kan smitte mellom ulike artar av hjortevilt. Tema i møtet er difor viktig både i høve rådyr-, hjort- elg og villreinforvaltning. Jegerar, jaktrettshavarar, offentleg forvalting og øvrig interessert publikum er velkomne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Målet med møtet er å oppsummere dagens kunnskap og peike på vegen vidare i kampen mot sjukdomen. Mellom anna vil ein presentere ein situasjonsstatus frå forskingsinstitutt og nasjonale forvaltingsorgan, naudsynte tiltak og kva arbeid som står framfor lokal forvalting ved villreinutval og villreinnemnd framover.

Mattilsynet, Miljødirektoratet, Veterinærinstituttet, NINA, Universitetet i Oslo og villreinutval og -nemnd vil orientere ut frå sine roller og ansvarsområde.