Bok: Historikar og journalist Magnus Lindahl har skrive bok. «Okkupert» - historier frå 2. verdskrig i Hallingdal 1940-1945.

Imponert over den sivile motstanden: – Fantastisk at folk utan våpen klarte å nedkjempe NS

Gjennom historier om folk, teiknar journalist og historikar Magnus Lindahl eit utdjupa bilete av krigsåra i Hallingdal.

«Okkupert» - historier frå 2. verdskrig i Hallingdal 1940-1945, er tittelen. Vel 350 sider med historier om hallingar og krigen. Han skriv om hallingane som utan trening melde seg til kamp mot krigsmakta aprildagane 1940. Han skildrar hendingar og dramatikk som sette spor. Og ikkje minst skriv han om den sivile motstanden, frå lærarar, prestar og folk flest. Ein kamp så sterk at NS og krigsmakta til slutt gav opp nazifiseringa av landet.

– Det har teke mykje tid, men eg hadde motivasjon, lyst og tid. Då det stod på som mest, gledde eg meg til å stå tidleg opp i helgane for å jobbe, fortel Lindahl, som til dagleg er journalist i Hallingdølen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bokprosjektet har han jobba med ved sida av. Det er Hallingdølen som står for utforming og utgjeving av boka.

Folk og historier

Det var under sommarferien i Frankrike i 2018 han fekk ideen. Med seg i kofferten hadde han boka «Andre verdenskrig i Norge» av Ole Kristian Grimnes. «Det der må vera mogeleg å lage om krigen i Hallingdal også», tenkte Lindahl, som alt hadde skrive fleire lokale artiklar om krigsåra i Hallingdølen.

Dermed var han i gang.

Okkupert. Historier frå 2. verdskrig i Hallingdal 1940-1945.
Okkupert - historier frå 2. verdskrig i Hallingdal 1940-1945

Forfattar: Magnus Lindahl

Utforming: Jarle Stanes

Utgjevar: Hallingdølen

365 sider

Han bygde ut historiene han alt hadde kjennskap til. Skaffa seg endå betre oversikt, og festa fleire historier til papiret. Fem år seinare er den fyrste samla framstillinga av krigsåra i Hallingdal etter Kåre Olav Solhjells «Krigsåra i Hallingdal» i 1995, ein realitet.

Mens Solhjells bok er meir som eit oppslag å rekne, er det historiene og folk som har fått mest plass i Lindahl si bok.

– Eg har teke lærdomen som journalist inn i historieforteljinga, med folk og folks historier som viktigaste kjelde, fortel Lindahl.

Les også
Gir namn og ansikt til krigshistoria

Brutal og rå

Forfattaren gjer sine tankar etter å ha jobba med materialet. Ofte høyrer ein at krigshandlingane her i området var småtteri samanlikna med andre delar av landet. I det er det mykje sanning, men for dei 250 hallingane som reiste og møtte tyskarane i kamp aprildagane 1940 - mange heilt utan trening - var det ingen dans på roser.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Valdres møtte hallingane verdas best trente våpenmakt. Her svarar tyske soldatar på elden frå dei norske styrkane i april 1940.

– I kampane på Ringerike og i Valdres møtte dei verdas råaste krigsmaskin. Det var brutale kampar. Mange hallingar kom seg ikkje etter desse opplevingane. Eg trur ikkje folk skjønar kor brutal og rå desse kampane var. Det låg hallingar i frontlinja, og det er eit under at ingen av dei vart drepne i desse kampane, seier Lindahl.

– Det er nesten ikkje til å skjøne. Mange vart øydelagd for livet. Rett og slett.

Nazifisering

Det er likevel den sivile motstanden Lindahl har blitt mest imponert over, og som har fått ein stor plass i boka. Han er oppteken av kva samfunn folk måtte leve i, og kva kraft som ligg i den kollektive, sivile motstanden.

– Eg vil på mange vis justere opp den sivile motstanden som viktigare enn den militære, seier Lindahl.

Les også
Overlevde fire år som slave for Hitler

Han understrekar at krigen ikkje hadde vorte vunnen utan den militære motstanden, men den viktigaste kampen på norsk jord stod om folks identitet.

– Norge var det einaste okkuperte landet krigsmakta prøvde å setje i gang ein nasjonalsosialistisk revolusjon. Lokale NS-medlemmer gjekk langt for å oppfylle Quislings mål om å nazifisere landet, seier Lindahl.

Dansefestar var ulovlege under andre verdskrig. Men på denne festen i Opheim i Ål i 1943 skal dei ha hatt lov til å spele éin lått. Den vart spelt i et par timar i strekk.

– Ei fantastisk historie

Han er oppteken av kor inngripande dette var for folk, også i Hallingdal. Alle politiske parti, utanom NS, var forbode. Det var diktatur, eittpartistat. Det å høyre på radio var ei motstandshandling. Aviser var forbode. Bygdefolk kunne ikkje reise meir enn tre mil utan reisebevis. Ungdom under 16 måtte halde seg inne om kvelden, og det var ulovleg å samlast. St. Hans-feiring var ikkje lov. Det var til og med forbod mot å selje ferskt brød.

– Hallingane måtte bestemme kva side dei stod på. Kvar enkelt måtte ta sitt moralske val, understrekar Lindahl.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nokre ungdommar reiste under krigen eit kors på toppen av Skogshorn i Hemsedal. Dei såg på det som ei protesthandling og skreiv inn i korset: «Gud signe kongen og fedrelandet». Biletet er frå 1943.

NS lykkast i liten grad. 193 hallingar melde seg inn i NS, flest i Flå og Nesbyen. Men dei fekk aldri grepet på dalen.

– I 1942 gav NS og okkupasjonsmakta opp nazifiseringsprosjektet. Årsaka var motstanden dei møtte frå lærarar, prestar og folk flest. Våpenlause hallingar, med samhald som våpen, nedkjempa NS og verdas valdelegaste krigsmakt. Det er ei fantastisk historie, seier Lindahl.

Han har fleire eksempel på denne motstanden. For eksempel dei tre lærarane Lars Fossgard, Erling Lian og Ole E. Livgård. Alle tre sat fengsla på Bredtvedt og vart forvist frå Buskerud fordi dei nekta å la seg styre av NS. I boka får me Lians eiga skildring av tida i fengsel.

Eit anna eksempel er bibliotekar Nils Viken som vart fengsla etter «bevisst» å ha sett passarspissen i eit bilete - «i vår førers ansikt».

Økonomisk oppsving

Boka fortel og om paradokset med at Hallingdal opplevde ei økonomisk oppgangstid då krigen braut ut.

Tyskarbrakker i Gol, fotografert i 1946. Under krigen var det nesten 200 tyskarbrakker og på det meste 4700 tyske soldatar i Gol.

– To veker etter invasjonen forsvann arbeidsløysa i Hallingdal. Fire kommunar vart gjeldfrie i løpet av krigen. Tusen mann vart sett i arbeid med å utbetre vegane i Hallingdal. I Gol var det klondyke, med bygging av hus og brakker. Næringslivet gjekk så det suste. Dr. Holms hotel hadde leigeinntekter på 500.000 kroner gjennom krigsåra. Bønder vart gjeldfrie etter å ha fått godt betalt for mjølk, kjøtt og smør, fortel Lindahl.

Les også
Olaf var med i slaget om Narvik - så starta den utrulege reisa verda rundt

Parallelt med rasjonering gjorde mange gode pengar på svartebørshandel.

– Folk endra etter kvart synet på det som vart kalla «tyskararbeid». Etter 1941 vart det meir uglesett, poengterer Lindahl.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nye kjelder

I løpet av arbeidet med boka har Magnus Lindahl fått tilgang til nye arkiv som har blitt frigjeve. Det har gjeve ny informasjon og nye innfallsvinklar. Ungar si oppleving av krigen er også med, gjennom to stilar.

Opning av nye arkiv har gjeve Magnus Lindahl ny og nyttig informasjon i arbeidet med boka.

Boka inneheld komplette lister over dei 100 arresterte og 93 fengsla hallingane, dei fleste på grunn av sivil motstand.

Frontkjempar Einar Sundve var einaste halling som fall på slagmarka. Han var ein av 14 hallingar som døydde i væpna kamp og ulykker. Deriblant to 11-åringar, den eine i trafikkulykke, den andre fordi ho kom over ei bombe som gjekk av.

Anne Borghild Dynge (10 år) vart offer for den tyske invasjonen av Norge. I 1940 omkom ho av ei udetonert flybombe ved Ål stasjon.

Når ein tek med personar utan tilknyting til Hallingdal, mista rundt 70 personar livet i kamp eller ulykke i Hallingdal.

Boka inneheld ei rekkje illustrasjonar og foto, som samla sett ikkje har vore presentert tidlegare.

– Er det slik at dei fleste hallingar vil støyte på kjente i denne boka?

– Ja, det trur eg. Det budde 15.000 i Hallingdal under krigen, og alle har sine historier. Det finst sjølvsagt mange historier eg kunne hatt med i boka. Målet har vore at dei historiene eg fortel, er nok til å fortelje historia om krigen i Hallingdal, seier Magnus Lindahl.

Komande måndag er det boklansering med forfattaren i Ål kulturhus.

Artikkelen held fram under annonsen.