Dette er eit vanleg syn for brøytemannskapa på Bergensbanen, her mellom Ustaoset og Tunga.
Dette er eit vanleg syn for brøytemannskapa på Bergensbanen, her mellom Ustaoset og Tunga.

Ikkje kryss jernbanen!

Mange skiløparar går for nær jernbanen. Det kan vera livsfarleg.

Banesjef Guro Torpe i Bane Nor trur at mange ikkje er klar over farane ved å gå for nære jernbanen eller å krysse skinnegangen. Toget kan koma fort og stille, og har svært lang bremselengde i høg fart.

– Me fryktar at det skal skje ei ulykke. Skiløparar som kryssar sporet ute i terrenget er eit vanleg syn for lokomotivførarane på Bergensbanen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ulovleg

Torpe oppfordrar folk til å vera forsiktige uansett kvar dei ferdast i nærleiken av jernbanelinja. Ulovleg kryssing er eit problem på heile høgfjellet. Men for den austlege delen av Bergensbanen er det særleg frå Ustaoset til Haugastøl og Finse stasjonsområde som utpeikar seg.

– Det kan vera fristande å ta ein snarveg til hytta eller turmålet, men følgjene kan vera tragiske, seier Torpe.

Kan ikkje krysse kvar som helst

Kryssing er berre tillate der det er etablerte planovergangar med skilt. Ein skal stoppe, sjå og lytte etter tog, og så krysse planovergangen raskt. I tillegg til godkjende planovergangar, kan ein også krysse over tunnelar, under bruer og gjennom undergangar.

Guro Torpe er banesjef for den austlege delen av Bergensbanen. Ho ber folk tenke seg om før dei kryssar jernbanen på vinterstid.
Guro Torpe er banesjef for den austlege delen av Bergensbanen. Ho ber folk tenke seg om før dei kryssar jernbanen på vinterstid.

På Bergensbanen har Jon Hermann Rivenes, faggruppeleiar for linja over Hardangervidda, registrert fleire farlege tilfelle denne vinteren.

– Folk skal sjølvsagt nyte den flotte naturen vår, men me må be dei vera forsiktige når dei kjem i tett på sporet. Toga kjem stille om vinteren. Det kan kome eit godstog på 700 tonn utan at du høyrer det, seier Rivenes.

Bane NOR gjer no ei rekkje ulike tiltak for å informere folk om farane ved å opphalde seg nær jernbanen.