Ikkje bruk eingongsgrill i helga!
Lynnedslag førte til tre mindre brannar i Nes og Flå torsdag. No er brannvesenet på tå hev.
For skogbrannfaren er høg.
På Austlandet torsdag vart det meldt om over 100 brannar. Berre i Buskerud var det 30 brannar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Lynnedslag
Det var lynet som var brannstiftaren.
Det var det også i Nes der lynnedslag sette to mindre område på Rudsåsen i brann torsdag. Dei vart sløkt raskt. I helga oppmodar Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) folk om å ta ansvar for å hindre at det oppstår brannar. DSB har også sett 16 brannhelikopter i beredskap. I Hallingdal følgjer brannsjef i Hallingdal brann- og redningsteneste, John Bjella, godt med. Beredskapen er normal.
– Me har vakter på alle stasjonar. I tillegg har me ein skogbranntropp som kan kallast ut. Dette er folk som arbeider innanfor skogbruket, som 110-sentralen kan kalle ut viss det er behov for ressursar, seier Bjella.
Forbod
Også han oppmodar folk om å vise aktsemd når dei er ute i naturen.
– Me understrekar forbodet mot open eld. Folk må skjøne alvoret, seier Bjella.
Det er spesielt eingongsgrillar i nærleiken av skog, eller utmark som er den store faren.
– Eg har inntrykk av at folk skjønar faren, seier Bjella.