Statssekretær John-Ragnar Aarset og samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen var onsdag i felten for å sjå på alternativa for Ringeriksbanen. (Arkivfoto)
Statssekretær John-Ragnar Aarset og samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen var onsdag i felten for å sjå på alternativa for Ringeriksbanen. (Arkivfoto)

I felten for å sjå på Ringeriksbanen

Trasevalet for Ringeriksbanen vil bli ein heit potet.

Onsdag var den politiske leiinga, representantar for Statens vegvesen, Jernbaneverket og embetsverket i Samferdselsdepartementet på synfaring.

– Me var ute i felten for å sjå på aktuelle traseval for både veg og jernbane, seier statssekretær John-Ragnar Aarset.

Artikkelen held fram under annonsen.

– For å bli kjent

Med samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i spissen vart både kart og terreng i Hole studert. For å bli kjent, som Aarset seier det.

Det store følgjet møtte også ordførarane i Ringerike og Hole for å få deira syn på planprosessen, og korleis dei er førebudd til å ta imot veksten som vil kome når Ringeriksbanen og ny E 16 mellom Skaret og Hønefoss står ferdig.

Miljøbråk

Åsa-korridoren er eit dyrare alternativ på Ringeriksbanen.

Kroksund eller Åsa. Trasevalet for Ringeriksbanen blir vanskeleg. Konfliktnivået er høgt.
Kroksund eller Åsa. Trasevalet for Ringeriksbanen blir vanskeleg. Konfliktnivået er høgt.

Men det mindre er miljøkonfliktar her enn ved Kroksund-alternativet. Aarset seier at ein på synfaringa brukte mest tid på ei løysing over Kroksund og mot Helgelandsmoen.

– Det er dette alternativet etatane peikar på som det mest aktuelle, seier Aarset.

2019?

Det er sett spørsmålsteikn ved om det i det heile teke er mogleg å kome i gang med bygginga av Ringeriksbanen i 2018. Innan utgangen av januar 2015 skal Statens vegvesen og Jernbaneverket greie ut om planleggingstida kan reduserast.

– 2018. Det er veldig offensivt. Det mest offensive no er nok 2019. Ein stad mellom 2021 og 2024 er for seint, seier John-Ragnar Aarset.