Bartosz Jakub Pychyrek dundra inn ein heil serie med gode servar, fire-fem på rad. Legg merke til den tøffe Ghostbuster-sekken på ryggen.

– I første kamp var me ikkje heilt i sona, me tapte ganske hardt. Så blei me seriøse, og då vann me suverent

Ingen ting er betre enn når ein kan samle inn pengar til ei god sak og samtidig skape fest.

Kor mange fleire dassrullar eller boksar med søte havrekjeks har du plass til i kjellaren?

Pengeinnsamling til klassetur følgjer ofte dei same spora, men idrettslina på Gol vgs. står i ein annan tradisjon. Fredag arrangerte dei volleyballturnering. Slik får dei pengar i kassa før treningsleir til Fuerteventura.

Artikkelen held fram under annonsen.

Liv på banen - liv på tribunen

Andreklassingane tok på seg rolla som vertskap, faktisk for hundrevis av gjester. Dei hadde kampoppsett for meir enn 20 påmelde lag. Og viss ein legg til grunn at det i snitt er sju spelarar på kvart lag, var det vel 150 spelarar i aksjon på banen gjennom kvelden.

VG2 idrettslina heldt system i kaoset: Sander Thomsen Haga deler ut poeng med ei resolutt hand til venstre, mens Silje Kristiansen blar om på poengtavla.

– Og eg trur det var omtrent like mange på tribunen, seier idrettselev Thilo Fossum Walaker.

Walaker er sjølv glad i volleyball, men ein må ofre seg som arrangør. Fredag måtte han la gjestene ta seg av spelet. Store deler av kvelden stod han på ein stol og bles i dommarfløyta.

– Nivået er bra

Og dei av klassekameratane som ikkje bles i dommarfløyta, dreiv billettsal, selde kioskvarer eller dreiv aktivitetar for publikum. På ein post kunne du vipse 20 kroner og gitte kor mange nonstop det var i eit Norges-glas. Ein av fleire bekkar små, som samla kunne gje eit finansielt bidrag til klassekassen

Thilo Fossum Walaker var ein av arrangørane. Store deler av kvelden på ein stol ved nettet, med ei fløyte i handa.

– Eg synest det er fint å få vere med å bidra som dommar. Det er også kjekt å studere andre sitt spel. Eg kjenner mange av spelarane, så det var interessant å sjå dei i aksjon. Nivået er bra. Det er mange her i dalen som synest det er gøy å spele volleyball. Det er ein sosial idrett, og når noko er gøy, blir du gjerne flink, seier fløyteblåsaren.

– Korleis opplevde du stemninga i salen?

– Eg synest stemninga var bra. Tidlegare har eg vore publikum sjølv, så eg veit jo at det kan vere seigt å sitje 7-8 timar i strekk på tribunen. Det var jo også derfor me prøvde å ha litt varierte aktivitetar og underhaldning for dei som kom for å vere publikum, sekkeløp og laserskyting og andre ting. Me har fått gode tilbakemeldingar på det, seier han.

Idrettslina vg2 jobba dugnad til inntekt for treningstur i Spania. Dei som ikkje bles i dommarfløyta, eller dreiv billettsal, selde kioskvarer og arrangerte aktivitetar for publikum.

Tilbake til 80-talet

Eitt av laga som peika seg ut, var «Ghost bøstersh» frå Hemsedal og Gol. Gutane hadde hevda seg sterkt om konkurransen handla om beste lagdrakt. Alle fem stilte i heilt like sennepsgule kjeledressar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Laget Ghost bøstersh er fire gutar frå Hemsedal, supplert med ein goling: Sander Holte Amundsli (f.v.), Leo Mrsic, Bartosz Jakub Pychyrek, Martin Randar og Kristupas Mackevičius.

Det ligg ei historie bak kostyma, ein intern spøk i kameratgjengen, fortel Leo Mrsic:

– Sist turnering heitte me «Gold Busters». Men ein på laget klarte ikkje å uttale namnet, han sa «bøstersh». Me syntest det var så artig, at me berre måtte halde liv i tradisjonen, og så kom me på «Ghost bøstersh». Me bestilte kostyme og sette oss til og med til å sjå dei gamle Ghostbusters-filmane.

Bedriftslag frå brannkorpset

Det var stor breidde i alder på laga dei møtte til kamp. Unge spelarar fekk også prøve seg mot vaksne folk. Både brannkorpset og Gol skule stilte med bedriftslag. «Ghost bøstersh» kom til kvartfinalen i B-sluttspelet, og tok ein respektabel fjerdeplass.

Bartosz Jakub Pychyrek (med ryggsekken mot kamera) legg opp til Leo Mrsic, og Thea Gullingsrud, på andre sida av nettet, kan gjere seg klar til å blokke ein smash.

– I den første kampen var me ikkje heilt i sona, og tapte ganske hardt. I den neste blei me mykje meir seriøse, då vann me suverent. Siste kampen vann me også, men den var ganske jamn, seier Mrsic, som er bra nøgd med laginnsatsen, for her var det uansett det sosiale som var det viktige.

– Kjekt å møte folk ein kjenner og folk ein ikkje kjenner, som alle har det til felles at dei spelar volleyball, seier han.

Leo Mrsic siktar seg inn mot ein smash.

Ei hotellseng under stjernene

Walaker fortel at han er privilegert - han er elev i ein godt samansveisa klasse. Noko som har bidratt i den retning, er at idrettselevane reiser på ekspedisjonar i skulen sin regi. Turar i kano, turar til fjells, overnatting i snøholer.

– På slike turar blir me skikkeleg godt kjent, seier han.

Speaker Adam Mentoft Martinsen heldt auge med klokka og greip mikrofonen kvar gong det var tid for sceneskift og nye lag på banen.

Det er andre som har erfart det same, du blir fort venner med folk du må dele telt med. Håpet er likevel at dei 21 andreklassingane skal å få inn nok pengar til at dei slepp å sove i telt eller på det billigaste herberget på Fuerteventura neste vår.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kor mykje pengar fekk de inn?

– Det veit eg ikkje, eg trur at pengane førebels ikkje er talde opp, seier Walaker.

Då lever spenninga, det står att å sjå om det blir ei eller fleire stjerner på hotellet.