Flå kommune har lagt opp til eit rikhaldig program på den korte tida kong Harald har til rådvelde under besøket torsdag.

Om nokre timar kjem Kong Harald: Her er lista over dei som skal prate og opptre for kongen

Klokka 12 skjer det: Sjølvaste Kong Harald kjem endeleg til Flå.

Han blir ønskt velkomen ved Jakt- og fiskesenteret av blant anna statsforvaltar Valgerd Svarstad Haugland og ordførar Merete Gandrud. Ikkje minst også blomsterbarna Tonje Vinna Gandrudbakken på fem år og bror Erik Vinna Gandrudbakken.

Det kjem fram i programmet Flå har lagt ut på kommunens heimesider.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kongen vil også få høyre musikk når han kjem til Jakt- og fiskesenteret: Nesbyen skulekorps er hyra inn for å spele ved inngangen.

Kongebesøket blir sendt live på Hallingdølen! Du kan følgje med her frå klokka 12:

Kong Harald skal deretter inn i salen på jakt- og fiskesenteret, der eit barnekor med rundt 30 ungar står klare på scena. Dei skal synge «BlimE - Den ene» for kongen.

Konferansier for dagen er Kristian Akervold. Kongebesøket blir sendt live både på kommunens heimeside og på Hallingdølen.

Etter at barnekoret er ferdig, skal ordførar Gandrud presentere Flå kommune.

Tale frå kongen

Deretter er det kongen sjølv som skal prate for flåværingane.

Dei blir det mange av i salen, som tek rundt 200 menneske. Då Hallingdølen prata med ordførar Gandrud for nokre veker sidan, skulle ho gjerne hatt heile bygda med inn på senteret.

– Me er litt lei oss for at me ikkje kan ha opent hus. Men eg håpar folk vil samle seg utanfor senteret, rope hei og vinke til kongen, sa ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter at Kong Harald har talt, skal ordførar Gandrud vise bilete frå Flå kommunes periode som akuttmottak for ukrainske flyktningar. Ei rolle kommunen tok på strak arm, og som dei har fått mykje skryt for.

Ungdommar, jakt og fiske

I forkant av kongebesøket fekk Flå beskjed om eit spesielt ønske kongen hadde for visitten: Han ville treffe barn og unge, for å høyre korleis det er å vere ungdom på bygda.

Derfor skal elevrådet på scena for å prate om nettopp dette. Dei er representert ved tre ungdommar; Elisabeth Gunnerud (14), Ahmad Adham Albadwi (15) og Trym Vivelid Nilssen (15).

Vidare skal det handle om rovdyr, jakt og fiske. Kong Harald er øvste beskyttar av jakt- og fiskesenteret, og Anders Storm Nilsestuen skal fortelje om aktiviteten og funksjonen dette har. Karen Johanne Storm Gulsvik tek over for å snakke om Besøkssenteret for rovdyr, mens Kees Oskar Ekeli fortel om Bjørneparken.

Deretter blir det musikk: Elias Gaptjern (15) og bestefar Leander Gaptjern (87) skal spele trekkspel i lag før dei to ukrainske systrene Yelyzaveta Hai (21) og Anastasia Hai (18) opptrer.

Lokal bakst og frivillige

Så skal kongen ut på vandring. Ordførar Gandrud tek han med seg ut i lavvoen, der han skal få sjå ulike stands med folk frå frivilligheita. Camilla Tollefsen skal vise fram Flå frivilligsentral. Friidrettsgruppa i Flå er representert ved leiar Sigrid Grimeli, Ask Grimeli (12) og Rebekka Reimus (12).

Signe Marie Wold (16) og Viola Isabel Fjelstad Bråten (15) skal saman med coach Alexander Teigen Øren vise fram MOT, og Jeanette Kaspersen og Liv-Hege Brattli står på stand for husflidslaget. Hjå dei vil kongen få smake på lokal bakst.

Klokka 13.45 er den kongelege visitten over.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordførar Gandrud har tidlegare sagt til Hallingdølen at ho håpar flåværingane vil skape liv og røre gjennom dagen:

– Herre min hatt, det er jo kongen som kjem! Eg håpar folk set opp flagg overalt, at dei vil stå langs vegen der han skal køyre, vinke og tute!