100-åringen Olav Thon i kjend stil.

I dag fyller Olav Thon 100 år! — Eg tok med meg eitt eller to reveskinn og tok toget til by'n

Er ho sann denne historia om bygdeguten som drog til by'n med to tomme hender - og nokre reveskinn?

– Sann ja!

Olav Thon rykte til då eg stilte spørsmålet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg hadde jo tenkt å studere medisin, men så kom krigen og eg måtte finne på noko heime i Vats. Handel låg meg nær. Eg trur nok eg har vore kremmar heilt sidan eg rodde turistar over Djupsvatnet.

Bygdeguten

For nokre år sidan gjorde eg eit portrettintervju med Olav Thon i toppetasjen i kontorbygget hans i Oslo. Der gjekk me gjennom historia, for å seie det slik. Denne fascinerande historia som er fortalt om att og om att. Om bygdeguten frå Hallingdal som vart ein av Norges rikaste. No er han vorten 100 år. Ikkje like klar til å bli portrettintervjua, men historia som han fortalde meg den gongen står seg den dag i dag.

Han begynte å tene pengar på turistane som han rodde over vatnet, fortalde han. Han fekk betalt med kronestykke med hol i, som han tredde inn på eit langt strå. Då hausten kom, hadde han ei fin samling.

Olav Thon helsar flåværingen og vart teken i mot som ein helt.
Les også
Rekordår på kjøpesenteret: – Her er det ingen pessimisme

Selde til Ola

– Då eg hadde samla meg nokre kroner, selde eg reveskinn til Ola Tveito, for me hadde rev på garden, og han selde dei i Oslo. Då tenkte eg: - Han tente vel noko på dei skinna, han Ola.

Og kva gjorde Olav Thon?

— Eg drog sjølv. Eg tok med meg eitt eller to reveskinn og tok toget til by'n. Eg gjekk og leita etter pelshandlarar, hugsar eg, og fekk selt. Betalinga var betre enn eg hadde fått på Sundre. Slik begynte det.

Og så vidare …?

— Eg satsa på kaninskinn. Eg tog toget til Modum og kjøpte kaninskinn. Eg leigde ein kjelke og drog rundt i Oslo og selde skinna med god fortenest. Då var eg 18. I 1942 kjøpe eg min første butikk, ein pelsbutikk, og den gjekk så bra at eg kjøpte ein til. Då sette eg inn den første annonsen i avisa. Den hugsar eg godt. «Til ly mot snoen, pels frå Thoen». Den slo an.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Sprang som ein gærning

Det er ei god historie …

– Ja, det er det. Men det var strevsamt, for eg gjekk på handelsskule samstundes. Eg hugsar eg sprang som ein gærning frå skulen om kvelden for å rekke siste avgang frå Nationaltheatret.

Kritikarar har hevda at Thon bygde seg opp på å selje skinn til tyskarane under krigen. Til det sa han:

– Eg kunne vel ikkje berre stenge butikken viss det var ein tyskar på veg inn. Det er komisk.

Olav Thon hadde ein draum om å studere medisin. Då eg spurte kva slags lege han hadde vorte, svara han i kjent stil.

– Du, eg trur sikkert eg hadde bygd eit privat sjukehus og fått det til å gå betre enn dei offentlege.

Les også
Opna to nye butikkar: – Eg må seie som Olav Thon: «Dette er gøy»

Sende inn millionar

På ein dag som denne er historia kjent: Om lensmannen i Flå som stoppa Olav Thon fordi han hadde tråkka litt for hardt på gassen, men fekk køyre vidare med klar melding om å ta det litt meir med ro.

Det var starten på eit eventyr i Flå. Thon gløymde ikkje det. Han vart fascinert av bygdetiltaket Vassfaret bjørnepark, som han overtok og brukte millionar på. Men det måtte meir til for å gjere Flå til ein destinasjon med bjørneparken som det store trekkplasteret. Han har sendt omkring 750 millionar inn i Flå-samfunnet etter at han kjøpte dei første aksjane i bjørneparken i 2006.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det skjedde liksom ikkje noko i Flå, las eg i Hallingdølen. Men eg har nok investert meir med hjarte enn med hjernen, sa han til meg ein gong. Han nærmast kviskra orda inn i øyre mitt. Han sjarmerte flåværingane og fekk dei til å tru på bygda si igjen. For det er ikkje kvar dag det kjem ein milliardær utanfrå i raud topplue og seier at «Flå er ein fascinerande stad».

– Ingen «bad feelings»

– Kan eg hjelpe, er det berre moro, sa Thon. Eg har jo fått litt erfaring med å hjelpe til med å snu kommunar, då.

— Det æ so altfør mykji, sa ei eldre dame til han, og tok han i handa. Det var nærmast hallelujastemning då det 10.000 kvadratmeter store kjøpesenteret og hotellet vart opna. Sidan den gongen er det vorte mykje meir.

Han har blankt avvist at han satsar i Flå for å erte heimkommunen Ål som han har hatt eit litt anstrengt forhold til. – Eg har ingen «bad feelings», sa han til meg den gongen. Det fekk halde med hotellet som han bygde.

Les også
Thon: - Vil bygge meir i Flå

Han er heidra av svenskekongen og er noko så fint som kommandør av Nordstjerneordenen, for han har spytta inn atskillege millionar hjå broderfolket også, og han er også riddar av 1. klasse av St. Olavs orden, æresmedlem i Den Norske Turistforening, han er kåra til «årets fjellgeit» ein gong og vart «Århundrets halling» i ei avstemming i Hallingdølen.

Han står fram som ein godsleg rugg i ei karakteristisk og kledeleg topplue, som har bygd opp eit konsern som eig 90 kjøpesenter i Norge og Sverige og 80 hotell her i landet og i utlandet.

Draumen

Ein knallhard forretningsmann?

Slik spurde eg då eg intervjua han i 2008

Artikkelen held fram under annonsen.

– Der er eg inhabil. Men eg har heldigvis sleppt å vere knallhard fordi det har gått så bra. Eg kan tillate meg å vere raus.

Draumen?

– At eg får arbeide i 10 eller 20 år til. Det må vere draumen. Og at prosjektet i Flå blir ein suksess. Det er draumar nok, det.

Kor lenge skal du halde fram med å bruke millionar i Flå?

— Det blir så lenge eg vandrar på jorda.

Sa Olav Thon. I dag blir han feira. Eit spennande liv i hundre år.