Dersom vegane ikkje blir rusta opp dei komande åra, vil køane i samband med helgar og høgtider bli stadig lengre. Biletet er frå Rv7 vest for Gol.
Dersom vegane ikkje blir rusta opp dei komande åra, vil køane i samband med helgar og høgtider bli stadig lengre. Biletet er frå Rv7 vest for Gol.

Hyttebygging skaper trafikkaos

Etter store høgtider går trafikken med sneglefart frå Hallingdal. Rapportar fortel om køyretider til Oslo på meir enn seks timar.

Køen på Rv7 begynte alt etter Gol. Sørover frå Flå gjekk han i 20–30 km/t. Frustrasjonen hjå hyttefolk og feriegjester var til å ta og føle på. Yrkestransporten vart ramma på same måten.

Det var med andre ord påsketilstandar på Hallingdalsvegen denne dagen. For vel tre år sidan la Statens vegvesen fram ein rapport som såg føre seg slike tilstandar på Rv7 seinvinteren og sommar/haust. Greier ikkje utbygginga av vegnettet i Hallingdal å halda tritt med utviklinga i reiselivet i regionen, blir trafikkork, kø og lange reisetider ein permanent tilstand i helgane. Landets største reiselivsregion blir i så fall kraftig ramma.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dobling av hytter

I forvaltningsplan Rv7 og Rv52 Hallingdal som vart lagt fram sist på året i 2008, gjorde Statens vegvesen ei grundig vurdering av trafikkutviklinga i lys av utbyggingsplanane i reiselivet. Hytteturismen som har hatt ein kraftig vekst, vil auke kraftig også i åra fram mot 2020. Då forvaltningsplanen vart laga, var talet på hytter i Hallingdal nær 15.000. Tal som Statens vegvesen henta inn frå kommunane, viste planar om nær 13.500 nye hytter/leilegheiter. Altså langt bortimot ei dobling. Talet omfattar både det som ligg inne i kommuneplanane og godkjende reguleringsplanar.

Formidabel vekst

Forvaltningsplanen karakteriserer veksten som formidabel. Og det er desse tala som dannar utgangspunkt for planarbeidet og utrekningar som er gjort av trafikkutviklinga i Hallingdal. Rapporten er nøye med å understreke at framtidsbileta den teiknar, baserer seg på utbyggingsplanar som i stor grad verken er godkjende eller bestemt gjennomført. Men like fullt konkluderer rapporten med at Hallingdal teoretisk sett kan koma til å oppleva påsketilstandar dei fleste helgar i perioden februar-mars og i tida juli-september.

Dette betyr kø, kork og sneglefart ut av Hallingdal på veg sørover mot Oslo og Drammen, slik mange fekk oppleva trafikken i nyttårshelga.

Dagleg leiar i Regionrådet for Hallingdal, Knut Arne Gurigard, vil ikkje dramatisere situasjonen. (Arkivfoto)
Dagleg leiar i Regionrådet for Hallingdal, Knut Arne Gurigard, vil ikkje dramatisere situasjonen. (Arkivfoto)

Forvaltningsplanen gjer greie for både det som blir vurdert som normal trafikkvekst i åra framover og den som kjem dersom utbyggingsplanane i Hallingdal blir sett ut i livet. Tala viser ein trafikkvekst på 53 pst ved Flå, 34 pst vest for Geilo og 40 pst i Hemsedal (Rv52).

Forvaltningsplanen for Rv7 og Rv52 passerte Regionrådet for Hallingdal tidleg på året i 2009. I vedtaket blir dette karakterisert som eit hjelpemiddel til at planlagd prioritert utvikling av vegnettet i Hallingdal kan gjennomførast. Planen er dessutan eit hjelpemiddel til betre forståing hjå sentrale styresmakter med tanke på samanheng mellom næringsutvikling og samferdsel.

Ei påminning

Dagleg leiar i Regionrådet for Hallingdal, Knut Arne Gurigard, ynskjer ikkje å dramatisere perspektiva som Statens vegvesen dreg opp i forvaltningsplanen. Han poengterer at planen er uttrykk for ei føre var-haldning hjå vegstyresmaktene, ikkje berre med å dokumentere kva som kan skje, men også ved å arbeide aktivt med løysingar. Rapporten er ei påminning til alle partar om å vera vaken for kva som kan skje.

NTP i 2013

Arbeidet med revisjon ny Nasjonal transportplan (NTP) er i full gang. Ifølgje tidsplanen skal proposisjonen leggjast fram for Stortinget våren 2013. Det inneber at etatane snart vil leggja fram sine forslag og prioriteringar. Så kjem prosessen med politiske innspel før Samferdsledepartementet formulerer proposisjonen til ein ny NTP. I prosessen fram til stortingsbehandlinga må Hallingdal vera på banen.

* Talet på hytter i Hallingdal: 14.700.

* Talet på planlagde hytter/leilegheiter: 13.460.

* 5600 einingar ligg i godkjende reguleringsplanar.

* I åra 2002–2006 auka talet på hytter med knapt 1000.

(Kjelde: Statens vegvesen 2008)