annonse

Hyttebrann i Lykkja

Brannmannskap rykte torsdag kveld ut til ein hyttebrann i Lykkja i Hemsedal. Dette skjedde i 21-tida på kvelden.

EIn time seinare melde politiet på Twitter at brannen var sløkt.

Det skal ikkje ha vore folk i hytta. Ein person med traktor og brøytereiskap hjelpte til med sløkkinga før brannvesenet kom til plassen.

annonse