Ti år gamle Apo har vore sakna frå Geilolia hyttetun sidan halv 11 i går kveld. Familien Rosendal ber folk ta kontakt dersom dei har sett han.

Hunden er sakna sidan i går kveld - lovar dusør på 10.000 kroner

I går kveld stakk hunden til Bjarne Rosendal av frå hytta på Geilo. Familien ber no om hjelp frå publikum og lovar dusør.

Det var rundt klokka 22.30 nyttårsaftan at hunden Apo la på sprang frå Geilolia hyttetun. Apo er av rasen Bearded collie, veg om lag 30 kilo og er svart og kvit. Han er ti år gamal.

Ein taxisjåfør observerte hunden mellom Geilo og Kikut rundt klokka 23.00 fredag kveld, men lukkast ikkje å få tak i han. Dette er siste kjende observasjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ber folk ta kontakt

Apo har enno ikkje kome til rette, og familien Rosendal ber folk ta kontakt dersom dei har sett han. Dei kan nåast på telefon:

+45 20 67 41 46

Bjarne Rosendal fortel at Apo vanlegvis er ein roleg og fin hund. Men han er livredd for fyrverkeri, og la på sprang då det tok til å smelle ute.

Kan ha reist langt

Rosendal fortel at han kan ha reist langt.

– Me er redd han har vore ute i heile natt og kanskje ikkje klart seg, seier han.

Apo har aldri rømt på denne måten før. Bjarne Rosendal og familien kjem frå Danmark, og må etter planen reise heim att i morgon.

– Men viss nokon finn han, køyrer me til Norge att med ein einaste gong.

No vurderer ein av dei å bli verande på Geilo til dei har funne familiehunden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lovar dusør på 10.000

Ved 16.30-tida laurdag ettermiddag var Apo framleis ikkje funnen. Etterlysninga har blitt delt over 100 gonger på Facebook-gruppa «Rømlingen». Ivar Ruud Eide er ven av familien og fortel til Hallingdølen at det siste døgnet har vore prega av mykje bekymring og lite søvn. Fleire geilingar og hyttegeilingar har meldt seg på i leitinga etter Apo.

– Det er familien utruleg takksame for, fortel Eide til Hallingdølen. Familien lovar no ein dusør på 10.000 kroner dersom Apo kjem til rette.

– Dei har framleis eit håp, seier Eide.

Les også
Kva gjer du viss dyret får panikk på nyttårsaftan? Her er veterinærane sine tips
Les også
Slik oppsummerer politiet nyttårsfeiringa i Hallingdal
Les også
Når ikkje koronavaksinen verkar som den skal: – Det er klart eg er veldig forsiktig
Les også
Elin har landa draumejobben: – Eg må nesten klype meg i armen