Hol kommune hadde eit driftsoverskot på vel 26 mill. kroner i 2011. (Arkivfoto)
Hol kommune hadde eit driftsoverskot på vel 26 mill. kroner i 2011. (Arkivfoto)

Hol tilbake på sporet

Hol kommune hadde eit overskot (mindreforbruk) på 26,2 mill. kroner i 2011. Netto driftsresultat utgjer 4,9 prosent av driftsinntektene.

Hol er dermed tilbake på eit gammalt og solid spor i forhold til dei retningsliner departementet har gitt. Der er eit driftsresultat på 3 prosent sett som måltal for ein berekraftig økonomi.

I 2010 var overskotet i Hol kommune 18,1 mill. kroner. Det gav ein driftsmargin på 1,9 prosent, og for fyrste gong nådde ikkje Hol då måltalet frå departementet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Solid år

Men årsrekneskapen for 2011 som blir lagt fram for formannskapet komande måndag, viser at fjoråret var eit godt år, og at ein er tilbake på det gamle, solide sporet. Eit driftsmessig mindreforbruk på 26,2 mill. kroner kjem frå netto mindreforbruk i sektorane (13,1 mill.), redusert skatt på energiomsetning (5,5 mill.), auka frie inntekter i skatt etc. (1,8 mill.) og reduserte renteutgifter (5,8 mill.).

Investeringsrekneskapen balanserer med 109,4 mill. kroner. Investering i anleggsmidlar utgjer 87 mill., resten er utlån, avdrag og avsetning.

Fondskapitalen er auka med 1 mill. det siste året, til 207,3 mill. kroner. Samstundes er det teke opp vel 90 mill. i nye lån. Lånegjelda er no på 287,6 mill. kroner.

Betaler ned gjeld

Rådmannen konstaterer at lånegjelda er høg. Han tilrår difor å bruke 12 mill. kroner av overskotet i 2011 til ekstraordinær nedbetaling av gjeld.

Han tilrår vidare å overføre 4,3 mill. til helse- og sosialetatens budsjett i 2012, og vel 262.000 kroner til kultur- og oppvekstetaten. Snautt 3,2 mill. blir foreslått avsett på tettstadfondet, og 7,6 mill. blir innarbeidd i budsjettet for 2012 til tiltak innan ulike sektorar.

Tilskot til unge bustadsøkjande er stadig svært ettertrakta. Der er det budsjettert med 1,5 mill. kroner i 2012. Ved utgangen av april er løyvinga for lengst oppbrukt, og det står enno att 19 søkjarar som fyller kriteria. Rådmannen tilrår ei ekstraløyving på 1,5 mill. kroner i 2012, slik det også har vore gitt både i 2010 og 2011.