Bodil Jensen vart tilsett som ny rektor for skulane i Holet og Hovet 1. februar. Utdanningsforbundet Buskerud hevda at stillinga burde vore lyst ut offentleg og klaga Hol kommune inn for Fylkesmannen i Buskerud.
Bodil Jensen vart tilsett som ny rektor for skulane i Holet og Hovet 1. februar. Utdanningsforbundet Buskerud hevda at stillinga burde vore lyst ut offentleg og klaga Hol kommune inn for Fylkesmannen i Buskerud.

Hol får medhald i tilsetjingssaker

Utdanningsforbundet hevda Hol kommune braut Opplæringslova då to rektorar vart tilsette utan at stillingane var lyste ut offentleg.

No har Fylkesmannen i Buskerud konkludert i saka: Hol kommune gjorde ikkje noko gale då dei to rektorstillingane ikkje vart lyste ut offentleg.

Lovlegheitskontroll

Utdanningsforbundet i Buskerud meinte noko anna då dei i desember i fjor kravde lovlegheitskontroll av rektortilsetjingane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då hadde kommunen tilsett Tove-Margrethe Brox som ny rektor ved Geilo barne- og ungdomsskole frå 1. mars, medan Bodil Jensen vart ny rektor for skulane i Hovet og Holet. Stillingane vart lyste ut internt ettersom kommunen vurderte interne søkjarar som godt kvalifiserte samstundes som fleire også hadde gjennomført rektorutdanning. Dessutan viste rådmann Lars Ole Skogen til paragraf 15–7 i Arbeidsmiljølova som seier at det ikkje er krav om offentleg utlysing dersom stillingane blir tilbydd tilsette for å unngå oppseiingar.

Kommunen får medhald

Utdanningsforbundet meinte dette var feil og hevda at kommunen braut Opplæringslovas paragraf 10–4.

– Prosessen har ikkje gått slik den skal etter Opplæringslova, sa nestleiar i Utdanningsforbundet Buskerud, Hanne Mathiassen til Hallingdølen i februar. Ho meinte Hol kommune ikkje kunne unntaka i lova som grunngjeving for å berre lyse ut stillingane internt. Fylkesmannen vurderer det annleis. Fylkesmannen gjev Hol kommune medhald på alle punkt og finn at avgjerda om ikkje å lyse ut stillingane offentleg var lovleg.