Som ordførar har Heidi Granli (Ap) stått i spissen for å hindre at skattekontoret blir lagt ned. – Men eg har eit tverrpolitisk kommunestyre i ryggen, inkludert Roger Toppen og Høgre, seier ho. (Arkivfoto)
Som ordførar har Heidi Granli (Ap) stått i spissen for å hindre at skattekontoret blir lagt ned. – Men eg har eit tverrpolitisk kommunestyre i ryggen, inkludert Roger Toppen og Høgre, seier ho. (Arkivfoto)

– Høgre må kome på banen

Roger Toppen trur regjeringa snart kastar eit kjøtbein til distriktet. Viss ikkje blir han skuffa.

Toppen er gruppeleiar i Gol Høgre. Han har registrert at det murrar eit distriktsopprør blant partikameratar i Hol. Der har markante profilar både i Høgre og Frp kritisert regjeringa for å drive ein distriktsfiendtleg politikk.

Tverrpolitisk støtte

I Gol har dei lokale partilag sete stille i båten. Ap-ordførar Heidi Granli stadfestar at ho likevel har fått draghjelp i kampen for å behalde skattekontoret i Hallingdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg føler eg har tverrpolitisk støtte. Alle har bidratt med det dei kan. Dei har vore døropnarar mot sine folk i partiapparatet både i fylket og på Stortinget, seier ho. Torsdag blir det folkemøte om skattekontoret. Ap og Sp sender toppkandidatane på stortingslista. Men det kjem ingen sentrale politikarar frå regjeringspartia.

– Partiet bør kome på banen

Toppen avviser at skattekontoret er ei sak dei ikkje er opptekne av i lokallaget.

– Eg sende e-post seinast i dag til buskerudbenken og Høgre sentralt. Me har dialog med våre representantar, seier Toppen.

– Kva tenkjer du om signaleffekten når ingen vil kome? Betyr det at dette ikkje er like viktig i partiapparatet sentralt?

– Det vil eg ikkje spekulere i. Distriktet er viktig for Høgre. Regjeringa har satsa på veg og samferdsel, men arbeidsplassar er også viktig. Eg er samd i at partiet bør kome på banen, seier han.

Kan bli tungt å drive valkamp

Toppen er nøgd med at regjeringa og stortingsfleirtalet har sett i gang eit stort reformprogram som handlar om å effektivisere Norge.

– Det må gjerast for å møte framtida. Men eg ser at distriktet blir skadelidande på enkelte område. Regjeringa kan ikkje halde fram med å fjerne arbeidsplassar og funksjonar utan å gje noko tilbake. Difor er det viktig at distriktet blir tilgodesett med noko. Det har me ikkje sett noko til, så langt.

– Er du skuffa?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nei, eg er ikkje skuffa, men noko må gjerast. Det er tull at regjeringa avviklar distriktet. Me skal ikkje byggje distriktet på statlege arbeidsplassar, men på privat engasjement og entusiasme. Eg har tru på at det vil skje noko fram mot sommaren. Gjer det ikkje det, blir eg skuffa. Då blir det tungt å drive valkamp for Høgre, men eg kjem ikkje til å melde overgang til Sp, seier han.