Ein svenske må i fengsel.
Ein svenske må i fengsel.

Høg bot for fyllekøyring

Ein svenske fekk fengselsstraff og 50.000 kroner i bot.

Det vart dommen for å ha køyrt med promille.

27-åringen frå Göteborg hadde vore på fest på Skarsnuten då han sette seg bak rattet for å køyre ned til Alpin Lodge. I ein sving møtte han ei drosje. Ifølgje dommen i Hallingdal tingrett heldt han høg fart då han kolliderte med den møtande bilen. Det var glatt og mørkt. Blodprøva som vart teken to timar etter kollisjonen viste at han hadde 0,97 i promille.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg til bota vart han dømt til fengsel i 18 dagar, og han mista retten til å køyre bil i Norge i 22 månader.