Motorsyklisten var på veg til Domfet. Ulykka skjedde i svingen (lengst frå kamera) like før brua.
Motorsyklisten var på veg til Domfet. Ulykka skjedde i svingen (lengst frå kamera) like før brua.

Her vart den omkomne funnen

Det er uvisst kvifor ein 24 år gammal mann frå Flå forulykka på motorsykkel på veg til Domfet.

– Det er ikkje noko som tyder på at farten har vore spesiell høg, seier lensmann Geir Vidme.

24-åringen drog til Domfet ved 20-tida laurdag kveld for å hente noko. Det er ikkje mobildekning i dette området, og då han ikkje var komen tilbake sundag morgon vart det førebudd ein leiteaksjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fann raskt

Det var forlova til avdøde som saman med ein kamerat av den sakna drog innover på vegen mot Veneli og Domfet på Flå austside.

Ved ei bru omkring fire kilometer frå fylkesvegen nede i bygda vart han funnen utanfor vegen. Han var død som følgje av skadene.

– Ulykka skjedde like før brua, seier lensmann Vidme.

Ulykka skjedde i ein sving like før brua.
Ulykka skjedde i ein sving like før brua.
Geir Vidme.
Geir Vidme.

Sterkt inntrykk

Det kommunale kriseteamet vart varsla og har vore i arbeid. Ulykka har gjort eit sterkt inntrykk i Flå.

– Dette er ei tragisk ulykke som har sett sitt preg på bygda, seier lensmann Geir Vidme.