400 kilo ost skal fraktast til Spania. «Cheese», glapp det nesten ut av fotografen. Tim Reidar Stenberg og Jarle Rueslåtten t.v. er stolte produsentar.

Her sender dei 400 kilo ost direkte til Spania: – Ein har jo alltid litt sommarfuglar i magen

Produkta frå Ostebygda er så suverene at sjølv spanjolane må ha ein smak.

– Det går i ost, kan du seie.

Produsentane Jarle Rueslåtten og Tim Reidar Stenberg kjem rett frå eit forretningsmøte med SkiGeilo. Eit par månader tidlegare var den spanske osteimportøren Enric Canut på besøk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein har jo alltid litt sommarfuglar i magen når nokon skal smake på osten. Spørsmålet er jo … likar han den, eller likar han den ikkje? Seier Rueslåtten.

Men spanjolen var ikkje beskjeden. Tvert i mot.

– Ein har jo alltid litt sommarfuglar i magen når nokon skal smake på osten sin. Spørsmålet er jo … likar han den, eller likar han den ikkje? Seier Jarle Rueslåtten.
Ostebygda

Eit samarbeid mellom oste-produsentar og mjølkebønder i Hol.

Består av åtte lokale produsentar, som lagar 26 ulike ostar.

Spansk smak

– Eg trudde han ville elske stølsosten min. Me hadde haipa den skikkeleg opp og sagt at den var «the shit» og ein bestseljar i Norge, fortel Tim Reidar Stenberg.

– Reaksjonen til spanjolen?

– Denne var ikkje noko god!

Produsentane bryt ut i latter. Kjøparen blir kategorisert som ein svært ærleg og bestefar-liknande type. Til slutt landa den spanske importøren på 400 kilo av ostane St. Pål og Leirgrøv Naturell.

Med «Bestefar Canut» var det rett på sak. - Denne vil eg ha. Kor mykje og kor fort, fortel Tim Reidar Stensberg. Her saman med Enric Canut.

Storleverandør

Enric Canut leverer ostekasser på døra til tusenvis av spanjolar. Sjølv om Stenberg fekk sin Leirgrøv Naturell i boks, er han framleis snurt på vegner av stølsosten som han er så stolt av.

Artikkelen held fram under annonsen.

– For å få egoet mitt opp att, har eg bestemt meg for at Spania er ikkje så glad i gode ostar. Dei likar søte, enkle ostar. Me i Norge likar dei funky, kule ostane.

Søt eller funky - no er det store spørsmålet om det er denne handelen som opnar dei internasjonale dørene for Ostebygda.

Svaret kjem 3000 kilometer seinare, når ostane trygt landar på dørmatta hjå spanjolane.

For første gong skal osten eksporterast til utlandet. Tim Reidar Stenberg trur det kan vere starten på ein meir internasjonalt marknad.