Det går unna når borda skal dekkes til 600 gjester.
Det går unna når borda skal dekkes til 600 gjester.

Her jobbar dei på høgtrykk

Høgt tempo og stinn brakke er standard i høgsesongen på Storefjell Resort Hotel. Samtidig har dei tilsette låge skuldrer og smil frå øyre til øyre når dei dekker på for 600 personar. Korleis klarar dei det?

Påska 2018: Det er langfredag og hotellet på Golsfjellet er fylt til randa av gjester. Til lunsj er alle invitert til grilling og konsert i alpinanlegget og det myldrar av folk ute i snøen. Fleire av dei tilsette har teke jobben med ut av hotellbygninga og står i baren, kiosken eller i skiheisen.

Kim André Hyrve har jobba fast på Storefjell i 17 år. Til vanleg har han ansvar for kurs og konferansar, men i påskeveka styrer han skiheisen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Her er det fullt trykk og det er veldig moro. Eg har ein hektisk kvardag til vanleg. Difor er desse avbrota viktig for meg, smiler han.

Ei dame med tre ungar på slep stikk hovudet inn i bua og ber om heiskort til alle saman. Kim André trykker konsentrert på skjermen framfor seg.

– Så du meiner det er mindre stressande no?

Medan gjestene er ute på ski er førebuingane godt i gang i matsalen. Langfredag er det 600 menneske til bords.
Medan gjestene er ute på ski er førebuingane godt i gang i matsalen. Langfredag er det 600 menneske til bords.
Førstekokk Kim Ove Nilsen og resepsjonssjef Stine Holmøy trivst på jobb i påska.
Førstekokk Kim Ove Nilsen og resepsjonssjef Stine Holmøy trivst på jobb i påska.
Ragnhild Sundet er utdanna innan turisme og hadde eit ønske om å jobbe på eit stort hotell.
Ragnhild Sundet er utdanna innan turisme og hadde eit ønske om å jobbe på eit stort hotell.
Ørnene vaktar over gjestene.
Ørnene vaktar over gjestene.
Det går mange kilo med kylling og pølser på utegrillen.
Det går mange kilo med kylling og pølser på utegrillen.
Sjølv om afterskien er i full gang er det masse folk i skitrekket.
Sjølv om afterskien er i full gang er det masse folk i skitrekket.
Det er mykje å passe på før gjestene kjem til middag.
Det er mykje å passe på før gjestene kjem til middag.
Kim Ove Nilsen (t.v.) er førstekokk og har jobba på hotellet i 16 år.
Kim Ove Nilsen (t.v.) er førstekokk og har jobba på hotellet i 16 år.
Andreas Nibstad.
Andreas Nibstad.
Hotellgjestane slikkar sol i passande påskeantrekk.
Hotellgjestane slikkar sol i passande påskeantrekk.
Mat med utsikt.
Mat med utsikt.
Fullt hus på afterski.
Fullt hus på afterski.
Det er kø i kiosken.
Det er kø i kiosken.
Ragnhild Sundet (t.v.) og Espen Personbråten er av dei første gjestane møter på hotellet.
Ragnhild Sundet (t.v.) og Espen Personbråten er av dei første gjestane møter på hotellet.
Espen Personbråten har jobba på Storefjell i fleire år.
Espen Personbråten har jobba på Storefjell i fleire år.
Storefjell Resort Hotell ligg på Golsfjellet, 1001 meter over havet.
Storefjell Resort Hotell ligg på Golsfjellet, 1001 meter over havet.
Kim André Hyrve frå Gol har jobba fast på Storefjell i 17 år. Ansvarsområda er kurs og konferanse, men i påska styrer han skiheisen.
Kim André Hyrve frå Gol har jobba fast på Storefjell i 17 år. Ansvarsområda er kurs og konferanse, men i påska styrer han skiheisen.
Humor er viktig for å ha ein god dag på jobb.
Humor er viktig for å ha ein god dag på jobb.
Før gjestene kjem til bords, et personalet middag saman.
Før gjestene kjem til bords, et personalet middag saman.
Kim André Hyrve frå Gol har jobba fast på Storefjell i 16 år. Ansvarsområda er kurs og konferanse, men i påska styrar han skiheisen.
Kim André Hyrve frå Gol har jobba fast på Storefjell i 16 år. Ansvarsområda er kurs og konferanse, men i påska styrar han skiheisen.
I kjellaren kan ein kople av med biljard og bordtennis.
I kjellaren kan ein kople av med biljard og bordtennis.
På Storefjell kan gjestene nyte late dagar i påskesola.
På Storefjell kan gjestene nyte late dagar i påskesola.
Dei tilsette er kledd i påskefargar.
Dei tilsette er kledd i påskefargar.
Stine Holmøy passar på drikkevarene.
Stine Holmøy passar på drikkevarene.
Fullt trykk ute, roleg inne.
Fullt trykk ute, roleg inne.
Mange rom å halde styr på.
Mange rom å halde styr på.
Astrid Rindom Nielsen (t.v.) er sesongarbeidar frå Danmark.
Astrid Rindom Nielsen (t.v.) er sesongarbeidar frå Danmark.
God plass i foajeen midt på dagen.
God plass i foajeen midt på dagen.

– Dette er noko heilt anna. Eg hentar ny motivasjon. Dessutan har me eit bra arbeidsmiljø med mykje humor og god stemning, smiler han.

Eit par slalåmsvingar lenger unna fresar det når marinerte kyllinglår landar på grillen. Førstekokk Kim Ove Nilsen er til vanleg å finne på storkjøkkenet, men no står han bak ein bardisk laga av snø.

– Det er heilt topp å få nyte sola, seier han og grip tak i grillpølsene med klypa.

Også Kim Ove har mange års erfaring frå påskehelga på Storefjell.

– Det er av dei travlaste helgene i året. På storkjøkkenet er det viktig å planlegge. Om maten er varma opp på førehand, går serveringa fortare, forklarar han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Når det er stressande dagar, gjeld det å vere glad og positiv.

– Eg prøver å spreie glede og så smittar det over på de andre, smiler førstekokken.

{{facts}}

Når afterskien er i full gang, er det også høgt tempo inne på hotellet. Servitørane jobbar på spreng. 600 middagsgjester skal til bords. Knivar, gaflar, tallerkar og serviettar – alt må ligge på riktig plass.

– Det er veldig moro med så mange gjester. Det er mange hyggelege folk på besøk, fortel Astrid Rindom Nielsen.

Ho er sesongarbeidar frå Danmark og kom til Gol i januar. Planen er å jobbe på Storefjell til juni.

– Eg ønska å jobbe i Norge, ha eit friår for å få gode opplevingar og tene litt pengar, smiler ho.

Kvar dag blir det sett opp buss for dei tilsette frå Gol sentrum og opp til hotellet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ein slags fristad for oss der me pratar saman og førebur oss mentalt på arbeidsdagen. Me er mange gode kollegaer, både servitørane og på kjøkkenet. Alle er fokuserte på å ha ein god dag, fortel ho.

Astrid og dei andre dekker på, serverer og ryddar. Målet er å gi gjestene gode opplevingar. Arbeidsskiftet er over kl. 23.45.

I resepsjonen er dei fleire personar på jobb. Dei hjelper gjestene med alt dei skulle trenge eller måtte lure på. No er det ikkje lenge før folk kjem tilbake frå skiturar eller konsert.

– Det er viktig å førebu seg godt her òg. Me har alt av infoskriv, turkart og plakatar klare. No har dei aller fleste sjekka inn. Då blir det litt rolegare for oss, fortel Espen Personbråten.

Han har arbeidd seks år på Storefjell, og synest det er gøy å jobbe når andre har ferie.

– Akkurat no er det mange barnefamiliar her. Slik sett skil påska seg frå andre deler av året då det er mykje kurs, konferanse og konsertar, fortel han.

Ragnhild Sundet rundar hjørnet med ei bunke handklede som ho gjev til to jenter som skal i bassenget.

– Eg er ganske fersk. Det er mange rutinar å sette seg inn i. Heldigvis har eg tolmodige kollegaer, smiler ho og dultar venleg i Espen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ragnhild er utdanna innan turisme og hadde eit brennande ønske om å få jobbe på eit stort hotell.

– Dette er draumejobben for meg, strålar ho.

– Har heile tida planen klar

- Korleis gjer hotellet seg klar for høgsesongen?

– Me ligg heile tida i forkant. Kvar veke har me planane klare for veka som kjem. Det bidreg til å fjerne eventuelle stresselement, fortel Andreas Nibstad.

Han sit i leiargruppa på hotellet og har noko personalansvar. Nibstad jobbar også med den daglege drifta og følgjer opp nye og faste gjester.

{{imageLeft}}

– Viss folk ikkje veit kva som skal skje, kan det vere ein stressande faktor. Ingen må bli overlessa med arbeid. Det er viktig at folk har ei normal arbeidsmengd, sjølv om det er fullt av gjester på hotellet. Viss kapasiteten til dei tilsette er sprengt, går det ut over opplevinga for gjestene, fortel Nibstad. 

* Storefjell Sæter- hotell vart bygd av Gunhild og Knut Nibstad i 1930 og hadde 30 sengeplassar.

* Det er framleis familien Nibstad som eig hotellet. No er fjerde generasjon på full fart inn i drifta.

* Etter fleire utbyggingar har hotellet nesten 300 rom og kan huse over 550 gjester.

* Ligg på Golsfjellet, 25 km frå Gol sentrum.

* Har et eiget skisenter med tre heisar og åtte nedfartar.

* Hadde ca. 80.000 gjestedøgn i 2018

* Hotellet har 125 tilsette på lønningslista, ca. 90 årsverk.

* Omsetning i 2017 var 105 millionar kroner.