Det er munter stemning på politistasjonen på Rødberg tidleg onsdag morgon. Tre av fire betjentar er samla, den siste av dei er i retten.Frå venstre: Fyrstebetjent Odd Geir Alme, fyrstebetjent Bjørn Lande og politibetjent Heidi Fjellstad. (Ikkje på biletet: politibetjent Henning Ødegård.)

Her har dei gått frå to til fire politibetjentar: – Eit skritt i rett retning

Nore og Uvdal politistasjon fekk frå nyttår to nye stillingar i teamet.

Det er munter stemning på politistasjonen på Rødberg tidleg onsdag morgon. Tre av fire betjentar er samla. Den siste av dei er i retten. Etter kvart kjem det to til inn døra, einingsleiar i Kongsberg politistasjonsdistrikt, Håvard Revå og seksjonsleiar for etterforsking, Morten Ole Pedersen. Over ein kaffikopp går praten.

Tryggare

– Dobla mannskap på stasjonen gjer det lettare å prioritere hendingar, og me blir meir til stades. Me vil og ha større kapasitet til arrangement, ungdomsklubbar og anna førebyggande arbeid. Dette vil nok heilt sikkert gjere at innbyggarane kjenner seg tryggare, meiner fyrstebetjent Bjørn Lande.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me er i eit omsorgsyrke. Det er viktig at me tek vare på folk, det er jo ikkje berre detektimen her.

Les også
Varetektsfengsla i fire veker etter knivstikkinga

– To av betjentane køyrer frå Kongsberg for å følgje opp kommunane nedover i Numedal, dette er eit område som ikkje har hatt tilstrekkeleg oppfølging tidlegare. Så på veg opp og ned frå Rødberg, følgjer me opp desse områda, fortel fyrstebetjent Odd Geir Alme.

Frå to til fire betjentar på Nore og Uvdal politistasjon. Frå venstre: Odd Geir Alme, Bjørn Lande og Heidi Fjellstad.

Politibetjent Heidi Fjellstad, starta opp i Nore og Uvdal 2. januar. Ho er godt fornøgd med ny bustad og arbeidsplass.

– Eg har eit godt inntrykk av plassen og innbyggarane. Eg er heldig som får jobbe med så mykje erfarne folk, seier Fjellstad.

Etterlengta ynskje

I lang tid har det vore ynskje om fleire tilsette i politiet i Nore og Uvdal, men dei har måtte klare seg med to betjentar.

– Det har vore slik at me har måtte prioritere, noko som er mykje lettare no når me har fleire å fordele oppgåvene mellom. Det gjer at kabalen blir lettare å legge, seier Bjørn Lande.

– Me har lenge ynskt oss dette, no har me gått eit skritt i rett retning. Og me har fått god hjelp av mange, for å nemne eit par, ordførar Jan Gaute Bjerke og leiar for politiet i Buskerud, ved Øyvind Aas, meiner Håvard Revå.

– Det er viktig at me er til stades når me skal, seier f.v. seksjonsleiar Morten Ole Pedersen og einingsleiar i Kongsberg politistasjonsdistrikt, Håvard Revå.

Opent kvar onsdag

Med to betjentar var det ikkje alltid like lett å få kabalen til å gå opp.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Rødberg får ekstra politi: - Eitt steg i rett retning

– Skulle det dukke opp noko som hindra betjentane i å vere på stasjonen i opningstida, måtte det sendast folk opp ifrå Kongsberg. Det er viktig at me er til stades når me skal. Det blir som når ein skal på polet det: På døra står det at det er opent, men likevel er ho låst, seier Revå og ler litt. - Nei då, men du skjønar? Det er viktig at det er folk her når det skal vere opent.

Nytt utstyr og bilar

– Det er ikkje mange åra sidan me måtte dele på det meste av utstyr. Lue var ikkje ein del av uniforma og den blå skjorta var ikkje av det beste når minusgradene kom her oppe. Me kjøpte oss eigne svarte luer og sydde på politimerke, men no er også lua blitt ein del av uniforma den og, fortel Alme.

Stasjonen har ikkje berre fått eigne hjelmar og varmare arbeidstøy. No er bilparken bytta ut. Scooter og hengar er skrota til fordel for nyare.

– Me har fått det me treng av nødvendig utstyr. Det må me ha, seier Alme.

– Me hadde jordpåkasting og avskjed med ein av dei gamle bilane i går, eg trur ikkje det blir eit stort sakn etter den, meiner Lande.

Les også
Klaga på usakleg forskjellsbehandling - avvist av politikarane
Les også
120 brannfolk deltok i sløkkinga av storbrannen - så mykje kosta aksjonen
Les også
Knirkelydar og sprekkar i nytt kjøpesenter: – Det er trygt, og me jobbar med saka