Geilo er Norges beste skidestinasjon for femte år på rad.

Her er Norges beste skidestinasjon: – Dette inspirerer til å halde fram med å tilby førsteklasses opplevingar

Geilo er kåra til Norges beste skistad. For femte år på rad.

Endå eit år kan Geilo smykke seg med tittelen Norways Best Ski Resort I tillegg har Havsdalsgrenda og Vestlia Resort vunne kvar sin pris for høvesvis beste chalet og skihotell.

Reisebyrå, turoperatørar og publikum frå heile Europa har stemt fram Geilo til tittelen som vart delt ut i Kitzbühel i Austerrike.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Prisen blir tildelt Geilo for det varme vertskapet, eit breitt utval av overnattingsstader, merksemd om lokal matkultur og høg kvalitet, uttaler juryen.

På Geilo blir trippelsigeren feira.

– Det er ei stor ære for oss alle at Geilo nok ein gong går til topps, og ekstra stas at me også får utmerking til to av våre overnattingsbedrifter, seier dagleg leiar i Visit Geilo, Heidi Stevning.

Heidi Stevning er dagleg leiar i Visit Geilo.

Stevning peikar på at fellesskapet og samarbeidet er godt mellom alle. Det har styrka destinasjonen.

– Dette inspirerer til å halde fram med å tilby førsteklasses vinteropplevingar for alle besøkande. Trippelsigeren understrekar Geilos unike appell som et heilskapleg skistad, meiner Stevning.

Dagleg leiar i SkiGeilo, Kevin Eikrehagen, er ikkje mindre fornøgd og trekkjer fram alle som jobbar for at gjestene skal få ei så god oppleving som mogleg når dei er i bygda.

– Fem år på rad er verkeleg noko me er stolte av! Dette skapar ein positiv spiral som gagnar alle, og eg er utruleg stolt av å få vere ein del av dette.