Kan den vera med og skape ei lagkjensle frå Hallingskarvet til Svinesund?
Kan den vera med og skape ei lagkjensle frå Hallingskarvet til Svinesund?

Her er mållag-leiarens forslag til «fylkessong» for Viken

Ål, Gol og Hemsedal blir einaste nynorskkommunar i det nye storfylket Viken.

Dei tre kommunane blir eit lite mindretal i eit hav av bokmål. Leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, er ikkje bekymra for at det å hamne i mindretal vil svekke nynorsken i Hallingdal. Tvert i mot håpar han det kan føre til styrkt identitetskjensle og mot til å stå på kulturelle krav.

– Det finst forresten ein song som berre ventar på å bli nasjonalsongen til Viken, seier Aasbrenn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han viser til «Ut å vekke sola» med Henning Kvitnes, Jonas Fjeld og Aslag Haugen. Ein haldensar, ein drammensar og ein halling syng same song på kvar sin dialekt.

– Dei lét godt i lag. Dialektskilja er eigentleg ikkje så store. Me kan vel sjå den songen som ein slags visjon. Målet må vera at Viken famnar om alle sider av landet, frå høgfjell til skjergard. Det vil vera fint viss me kan få til ein fellesskap og aksept for at fylket har ulike typar menneske og kulturar – og at begge dei norske skriftspråka er i levande bruk i storfylket Viken. Det bør bli noko me er stolte av.