Desse 15 kandidatane er dei du kan stemme på i kåringa av Årets halling 2021.

Her er kandidatane til «Årets halling 2021» - no kan du stemme på din favoritt

Kven blir Årets halling 2021? Det kan du vere med å avgjere!

Hallingdølen har plukka ut 15 kandidatar, som me meiner har utmerkt seg på eit eller anna vis i løpet av året.

I 2020 var det dåverande kommuneoverlege i Ål og Hol, Geir Strømmen, som stakk av med sigeren. Av rundt 5000 stemmer fekk han desidert flest. Han fekk heider av avisa på årets siste dag, då han vart overraska med pris og blomar på kontoret.

Artikkelen held fram under annonsen.

No har eit nytt år snart passert. Hallingdølen presenterer derfor lista over dei 15 kandidatane me har plukka ut. Det er berre å gå inn på Hallingdølens nettside og gi stemme.

Det er berre mogleg å stemme éin gong per dag, og fristen går ut ved midnatt 22. desember.

Vinnaren blir gjort kjent 30. desember.

Her er stemmeskjema. Presentasjon av kandidatane følgjer under!

undefined
Pål Golberg vart verdsmeister på stafett.

Pål Golberg

Den 5. mars stod Pål Golberg øvst på pallen under ski-VM i Oberstdorf. Han tok stafettgull saman med Johannes Høsflot Klæbo, Hans Christer Holund og Emil Iversen. Golberg gjekk første etappe, men sleit med feil val av ski. Likevel heldt det heilt inn for det norske langrennslaget. Golberg kunne for første gong i karrieren kalle seg verdsmeister.

Halvor Einar Merødningen handla snarrådig og fekk ut dyra før driftsbygningen tok fyr.

Halvor Einar Merødningen

Då 19 år gamle Halvor Einar Merødningen fekk sjå røyk frå fjøset heime på garden på Garnås i Nesbyen, handla han raskt og iskaldt. Han heiv seg på telefonen til brannvesenet og fekk alarmert, før han sprang ut i fjøset for å berge sauene. Då han ikkje fekk tak i fôr for å lokke dei ut, fann han i staden vaskebøtta til mor si og fylte den med ukokt ris. Det lagde nok lyd til at han fekk berga dyra ut. Sidan brannvesenet fekk rask beskjed, berga han også bustadhuset på familiegarden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Musikar Stein Torleif Bjella har gitt ut sin første roman.

Stein Torleif Bjella

Då kulturlivet låg brakk under pandemien, bestemte musikar Stein Torleif Bjella seg for å skrive sin første roman. I haust kom «Fiskarhuset» ut. Den handlar om to menn, den einslege og barnlause Jon Aslesson Aal (47) og onkelen hans, Ivar (79). Boka har hausta gode kritikkar hjå dei store mediehusa; Aftenposten, Dagbladet, Adressa og NRK.

Bjarte Laa har vore tydeleg som elevrådsleiar ved Gol vgs.

Bjarte Laa

Elevrådsleiaren ved Gol vidaregåande skule har vore sterk og tydeleg i fleire aktuelle saker som gjeld ungdom og skuleelevar. Han var blant anna klar på at smittevernet ikkje vart godt nok varetatt på skulen i vår, han engasjerte seg i at munnleg eksamen for avgangselevane burde blitt avlyst i juni og han har kritisert Viken fylkeskommune for å ikkje ha godt nok internett ved skulane denne hausten. Laa kvir seg ikkje for å seie det han meiner, og er ein sterk stemme for sine medelevar. Laa utmerkte seg også i Unge Entreprenørskap, og vart plukka ut til å vere «leiar for ein dag» i november.

Vetle Sjåstad Christiansen med VM-medaljen etter stafettgullet i Pokljuka.

Vetle Sjåstad Christiansen

Han kom til skiskyttar-VM i slovenske Pokljuka som reserve, og gjekk ikkje eit einaste VM-løp før han vart plukka ut til å gå stafetten. Der fekk han rolla som Norges ankermann. Det meistra geilingen med glans, og gjekk det norske skiskyttarlaget inn til gull.

Kjell Torstein Hagen under det sjette brukar- og pårørandeseminaret på Storefjell.

Kjell Torstein Hagen

I haust vart det sjette brukar- og pårørandeseminaret arrangert, med suksess. I bresjen stod Kjell Torstein Hagen, som utrøytteleg brukar si stemme for å setje fokus på rusproblematikk. Han har fortalt opent om si historie med rus og kriminalitet, og brukar dette til å hjelpe andre og skape endring. Han er ein stemme i samfunnsdebatten og brukar eigne erfaringar som bakteppe når han ytrar meininga si om både rusproblematikk, rusreform og legalisering.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mangeårig leiar i Frelsesarmeen Hallingdal, Marta Maria Espeseth opna opp om at ho har funne kjærleiken med presten Karen Onshuus, og ikkje kan fortsette som offiser i den kristelege organisasjonen.

Marta Maria Espeseth

I juni vart det kjent at Marta Maria Espeseth, tidlegare korpsleiar for Frelsesarmeen i Hallingdal, ikkje lenger fekk lov å vere offiser. Årsaka var at ho ville gifte seg med ei kvinne. Det internasjonale regelverket til armeen tillèt ikkje at ein offiser kan leve i eit likekjønna ekteskap. Saka fekk stor merksemd og utløyste debatt om praksisen i Frelsesarmeen. I Hallingdølen fortalde ho opent om det ho hadde vore gjennom.

Cecilie Nestegard (26) frå Gol tok initiativ til å arrangere Hallingdal Pride i oktober.

Cecilie Nestegard

Då Cecilie Nestegard flytta heim til Gol, sakna ho ein møteplass for skeive i Hallingdal. Ho tok saka i eigne hender, og i oktober gjekk startskotet for Hallingdals første prideparade. I sentrum av Gol vaia regnbogeflagget, og rundt 70 menneske gjekk i tog for retten til å elske den ein vil. Nestegard stoppar ikkje der, ho ønsker å skape eit samlande miljø for skeive hallingar året rundt.

Pål Rørby har hatt eit innhaldsrikt år.

Pål Rørby

Har stått støtt i fleire kampar gjennom året. Han starta med å kjempe mot innspelinga av «Ex on the beach» i Hemsedal, og var tydeleg i sin kritikk av nedstenginga av Viken rett før påske. I april la han og resten av koronakommisjonen fram sin granskingsrapport, etter å ha gått myndigheitenes handtering av pandemien etter i saumane. I løpet av året har han også vore open om ting i privatlivet, som hets og konas psykiske sjukdom. Han har også fortalt om vanskar i bustadmarknaden, og kampen for å få kjøpt seg hus etter 17 år i leigd bustad.

Espen Garnås debuterte for LSK i mai.

Espen Garnås

Har spelt sin første heile sesong i Eliteserien med Lillestrøm. Debuten kom 27. mai, mot Odd. Etter kampen vart han hylla av LSK-supporterane som «den nye Frode Kippe». Han spelte seg til fast plass i startellevaren, og scora sitt første Eliteserie-mål mot Brann 11. september. Lillestrøm har hengt med i medaljekampen gjennom heile sesongen, med Garnås som fast bidragsytar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kim Friele gjekk bort i november.

Kim Friele

23. november gjekk homopioneren Kim Friele bort, 86 år gamal. Gjennom store delar av sitt liv kjempa ho for rettane til homofile. Etter at ho døydde har eit stort tal menneske hylla henne for det brennande engasjementet ho hadde for skeive, som førte til store samfunnsendringar. Ikkje minst var ho svært delaktig i at seksuell omgang mellom menn vart avkriminalisert i 1972. Friele budde store delar av sitt liv i Hol. Ho var ein gallionsfigur heilt til siste stund.

Gudrun Hesla har hatt nokre tøffe år på Oset.

Gudrun Hesla

Ho har vore blant dei som har kjempa hardt for at bedrifta skulle overleve pandemien. Gudrun Hesla på Oset har heile vegen fortalt ærleg og usminka om kor hardt pandemien har råka, og vore ein stemme for heile næringa. Ho har kritisert støtteordningane, og klart å halde hovudet over vatnet. I sommar strøymde turistane til Oset att, og ho la bak seg ein rekordsommar.

Stian Skarsten har merka framgang etter operasjon og tre månader i Thailand.

Stian Skarsten

Sommaren 2019 vart Stian Skarsten hardt skadd i ei sykkelulykke på Geilo. Han vart lam i begge beina og i venstrearmen. I vinter samla han inn pengar til ein operasjon i Thailand, ein operasjon som kosta 1,1 millionar kroner. Den snudde livet hans opp ned. Skarsten har vore open om ulykka og kampen for å bli så frisk som mogleg. Han har vist ein ukueleg vilje i den tida som har gått etter ulykka, til inspirasjon for mange.

Margit Fausko (MDG) var spent på valvake i Drammen i haust.

Margit Fausko

Fausko var 1. kandidat for MDG i Buskerud til stortingsvalet i haust. Ho har klare meiningar om mellom anna Ringeriksbanen, hyttebygging og rasering av natur, og er ikkje redd for å stå i stormen. I vår fekk ho massiv hets etter ein avisartikkel i Drammens Tidende, men let seg ikkje pille på nasen av det. I staden fortalde ho opent om hetsen, og slo tilbake.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ingrid Wigernæs har fått kongeleg heider og statue i år.

Ingrid Wigernæs

Skihelten og langrennspioneren Wigernæs har fått heider både nasjonalt og lokalt i år. I juni vart ho utnemnt til Ridder av 1. klasse av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden. Ridderkorset av sølv fekk ho i Hemsedal i september. Same dag som den kongelege utmerkinga vart også ein heilt ny statue avduka i bygda, ein statue av Wigernæs og barnebarnet i skisporet. Den syner korleis ho har bana veg for kommande langrennsjenter, og står sentralt plassert i Hemsedal.

Les også
Sesongopnar i helga - tek ikkje i bruk koronapass
Les også
Trailer køyrde ut medan bilberging pågjekk
Les også
Fall på oppløpet øydela for Golberg: - Eg er skuffa