Her er dei siste tala for arbeidsløysa

No er arbeidsløysa i Nore og Uvdal nesten tilbake på normalen frå før koronakrisa slo inn.

Også i dei andre kommunane i Hallingdølen sitt dekningsområde er talet på personar utan arbeid på veg ned. Dette kjem fram av Nav sine tal som vart offentleggjorde tysdag ettermiddag.

Tysdag 9. juni var 14.206 personar registrert som heilt ledige i regionen Vest-Viken. Det utgjer 5,5 prosent av arbeidsstyrken. I Viken fylke var arbeidsløysa den siste veka på 6,1 prosent. I heile landet var 5,7 prosent av arbeidsstyrken utan arbeid.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Talet på arbeidsledige held fram med å falle, og me ser ein nedgang for nesten alle yrkesgrupper. Det er i hovudsak fordi det blir færre permitterte, seier direktør for NAV Vest-Viken, Inger Anne Speilberg.

Nedgangen er størst innan butikk- og salsarbeid, serviceyrke og anna arbeid, samt reiseliv og transport.

Ordførar Pål T. Rørby i Hemsedal har framleis store utfordringar når det gjeld å få fart på arbeidsmarknaden, men talet på arbeidsledige går ned.

Permitterte

Det er Gol, Hemsedal og Hol som har den høgste delen av permitterte av arbeidsstyrken i Vest-Viken.

Les også
Viktige millionar til hallingdalsidretten

Den høgaste delen heilt ledige er også i Hallingdal. Her toppar Hemsedal framleis statistikken for heile landet med ei arbeidsløyse på med 16,5 prosent. Hol er også blant de ti kommunane i landet med flest ledige. Her er 11,5 prosent av arbeidsstyrken heilt utan arbeid. I andre enden ligg Nore og Uvdal som har den lågaste delen heilt ledige i Vest-Viken med 2,8 prosent av arbeidsstyrken. Gol er tredje verst råka med 6,8 prosent.

Slik såg tala ut for kommunane:

Flå 24 (minus 2)

Nesbyen 79 (minus 9)

Gol 171 (minus 18)

Hemsedal 237 (minus 34)

Artikkelen held fram under annonsen.

Ål 81 (minus 15)

Hol 289 (minus 41)

Nore og Uvdal 39 (minus 3)

Les også
Hemsedal har størst arbeidsløyse - ein annan i vår region har minst