Selma Øen Li (17) frå Ål kan skilte med åtte internasjonale medaljar i løpet av det siste halvåret.

Her er dei nye ambassadørane for Hallingdal

Dei har alle utmerkt seg på sine felt. No skal dei tolv utvalde ungdommane skape merksemd om Hallingdal som bu- og arbeidsregion.

Her er ambassadørane som Regionrådet for Hallingdal presenterte for Hallingtinget tysdag. Dei neste to åra skal desse 12 ungdommane vera særskilde ambassadørar for Hallingdal:

Selma Li.

Selma Øen Li

Taekwondo-utøvar frå Ål, fødd i 2000.

Artikkelen held fram under annonsen.

Er på taekwondo-landslaget, med svart belte 1. Har fem NM-gull og to NM-sølv, fem EM-gull, eitt EM-sølv og ei EM-bronse. Samt ei World Cup-bronse, eitt VM-gull, eitt VM-sølv og to VM-bronse. Kombinerer sporten med å vera elev ved Gol vidaregåande skule. Har ambisjonar om å bli best i verda som senior. Ho er mykje ute og reiser og seier ho blir meir og meir klar over kor godt det er å koma heim til Hallingdal; «ein fantastisk stad å vekse opp».

Sondre Juven.

Sondre Juven

Friidrettsutøvar frå Nesbyen, fødd i 1999.

Han spring 800 og 1500 meter og er ein av dei ti beste i Europa på 1500 meter. Har delteke i to europameisterskap, U18 og U20. Kombinerer idretten med å vera elev ved Gol vidaregåande skule. Han er aktiv i lokalsamfunnet og bidreg til rekruttering i friidrettsmiljøet i Hallingdal.

Silje Risdal Liahagen.

Silje Risdal Liahagen

Dansar, songar og skodespelar frå Ål, fødd i 1991.

Ho lever som frilansdansar, – songar og -skodespelar, både gjennom instruksjon og som utøvar på scena. Ho bur i Oslo og vart uteksaminert frå Bårdar Akademiet i Oslo våren 2014. Silje er i A-klassa (eliteklassa) på Landskappleiken, i både vokal og dans.

Tomas Markegård.

Tomas Markegård

Alpinist frå Hemsedal, fødd i 1995.

Han har fullført NTG på Geilo og bur no i Oslo. Han fekk plass på høgskulelaget på Lillehammer (skilag i regi av Norges Skiforbund) og er på europacup-landslaget i alpint, og satsar for fullt for å nå verdstoppen. Han reiser mykje til mange store skidestinasjonar rundt om i Europa, men meiner det framleis er best å køyre på ski i Hallingdal.

Nina Helene Aas Røkkum.

Nina Helene Aas Røkkum

Samfunnsengasjert musikar og idrettsutøvar frå Flå, fødd i 1991.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bur i Trondheim og jobbar som stipendiat ved Institutt for sosialt arbeid på NTNU. Engasjert i universitetspolitikk og vart nyleg valt som representant for mellombelse vitskapelege tilsette i NTNUs styre. Har studert på NTNU og fullført ein mastergrad i sosiologi. Ho har spelt fotball for Hallingdal Fotballklubb, og spelar no innebandy i 1. divisjon for NTNUI. Sit i forum for Sportsleg Langsiktig Utvikling (SLU), er sertifisert innebandytrenar. Trenar barn og andre aldersgrupper i regi av Norges Bandyforbund, avdeling Midt-Norge. Ho er også sertifisert instruktør og jobbar på treningssentera til Sit Idrett.

Song er ein stor lidenskap og ho har delteke på UKM i ei årrekkje og har seinare vore dommar. Ho er ein viktig bidragsytar til 17. mai-revyen på Flå. Syng mykje i bryllaup, gravferder og konfirmasjonar. Har sidan 2005 sunge jula inn i Flå kirke. Var engasjert i MOT i Flå.

Filip Fjeld Andersen.

Filip Fjeld Andersen

Utøvar i langrenn og skiskyting, frå Geilo, fødd i 1999.

Er på juniorlandslaget i langrenn. Går siste året på NTG Geilo. Seier sjølv at det er viktig å kunne gi noko tilbake til idretten og vera eit godt førebilete for dei yngre slik han sjølv har opplevd.

Mikkel Brusletto Kaupang.

Mikkel Brusletto Kaupang

Freeskiutøvar frå Geilo, fødd i 1999.

Kan skilte med 3.-plass i NM i 2017 i ei litt ny konkurransegrein. Går siste året på NTG Geilo og satsar på å koma seg ut i verda neste år for å vise kva han er god for.

Eirik Fuglesteg Luksengard.

Eirik Fuglesteg Luksengard

Lausdansar frå Ål, fødd i 1992.

Begynte å danse hjå Martin Myhr og Gunnlaug Lien Myhr på Torpo i 8. klasse. Elev ved Frikar-akademiet 2008–2010 og har seinare turnert med Frikar-forestillingane «The Snuff Grinders», «KRUK», og med Alexsander Rybak. Dei siste åra har han dansa i dansekompaniet Kartellet, blant anna i forestillingane «Anføttes» og «Doppler». Sistnemnde fekk kritikarprisen i dans i 2016. Utdanna lærar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Emil Intelhus Brøto.

Emil Intelhus Brøto

Langrennsløpar frå Gol, fødd 1998.

Har fullført NTG Geilo og bur nå på Lillehammer. Satsar på langrenn og kombinerer idrett med eigedomsmeklar-studium på deltid. Har ein 6.-plass i NM senior lagsprint, 13.-plass i NM jr., 7.-plass frå norgescupen og fleire kretsmeisterskap-titlar. Går for Gol IL og er ein del av Team Hallingdal.

Monika Engeseth.

Monika Engeseth

Musikar frå Nesbyen/Gol, fødd i 1997.

Studerer lyd og musikkproduksjon ved Noroff fagskole i Bergen. Produserer og skriv songar, syng og spelar gitar. Har spelt rundt omkring med bandet Maintime, ho har spelt med Darling West og delteke på hallingjazz i fleire år. Vann Drømmestipendet i 2016, og heldt i august sin fyrste konsert i Bergen med sitt nyaste prosjekt «Moyka».

Trym Halbjørhus.

Trym Halbjørhus

Langrennsløpar frå Hemsedal, fødd i 1996.

Han går for Team Hallingdal, og bur både i Hemsedal og på Lillehammer. Han bestemte seg for å satse på ski som 17-åring. Han er allsidig og går no inn i det andre årets sitt som seniorløpar. Det er tøft, men han er klar for å ta eit godt steg vidare i vinter.

Åsne Børtnes.

Åsne Børtnes

Musikar, dansar og idrettsutøvar frå Gol, fødd i 1999.

Ei svært allsidig jente som driv med musikk (song, gitar, piano, ukulele), dans (hiphop, jazz, house) og fotball. Ho har tidlegare drive med langrenn, alpint/jibbing, folkedans og turn. Ved sida av å gå på idrettslinja på Gol vidaregåande skule, jobbar ho på IFO og som turn-, fotball- og jibbetrenar.