Hallingdal Renovasjon legg seg i selen for at konteinarar ikkje skal ende opp som dette i påskeveka.
Hallingdal Renovasjon legg seg i selen for at konteinarar ikkje skal ende opp som dette i påskeveka.

Hentar søppelet ditt kvar dag

Hallingdal Renovasjon aukar trykket på henting av hushaldningsavfall i påskeveka.

– Me har konteinarbilar i drift kvar dag frå måndag til over påske. Dei køyrer innom og tømmer på dei punkta me veit har stor belastning. Til dømes på Golsfjellet, Kikut, Natten-området i Nes, Hemsedal og Norefjell. På dei mest utsette punkta set me også ut ekstra konteinarar, seier Leif Ove Sataslåtten, dagleg leiar i Hallingdal Renovasjon.

Ikkje parker i vegen

Sataslåtten fortel at konteinarar som blir parkert inne er eit kjend problem, spesielt knytt til vinter- og påskeferie. Han understrekar difor viktigheita av at konteinarar får stå tilgjengelege, slik at lastebilane kjem til.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er eit av dei største problema me møter på. At me køyrer langt av garde for å hente søppel, men så får me ikkje tømt fordi nokon har parkert framfor ein konteinar.

Følgjer vanleg ordning

Det er også viktig at folk ikkje nyttar konteinarar som skal nyttast til hushaldningsavfall til grovavfall som til dømes bygg- og rivingsmateriale. Alle lokale avfallsmottak i alle kommunar er ope som vanleg, inkludert påskeeftan.

Hjå alle ordinære abonnentar i Hallingdal går henteordninga som normalt, med henting både torsdag og fredag i påskeveka.

Påskeferie er eintydig med mangedobling av folketalet i Hallingdal. Meir folk betyr også meir søppel.
Påskeferie er eintydig med mangedobling av folketalet i Hallingdal. Meir folk betyr også meir søppel.