Mathis Stavn Ihle og Ann Rigmor Stavn helsar sommartoget velkomen.
Mathis Stavn Ihle og Ann Rigmor Stavn helsar sommartoget velkomen.

Helsa sommartoget velkomen

Det er liv og røre på Ål stasjon i dag.

Det var folksamt på Ål stasjon rett før NRK sitt sommartog kom inn på perrongen klokka 12.25 tysdag.

– Me må jo møte opp for å sjå kva dette er, smiler Merete Sjemmedal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Saman med borna Gabriel, Mikael og Melissa Sjemmedal ventar dei spent. Dei er på plass for å sjå toget rulle inn på stasjonen og for å sjå innslaga frå scena.

– Kult at toget stoppar her i Ål, seier Gabriel.

Dei skal benke seg framfor Tv-skjermen og sjå sendinga i kveld.

Folksamt på Ål stasjon.
Folksamt på Ål stasjon.
Programleiarparet Martin Giæver og Nadia Hasnaoui vart møtt av eit folkehav.
Programleiarparet Martin Giæver og Nadia Hasnaoui vart møtt av eit folkehav.
Frå klokka tolv var det arrangement på scena.
Frå klokka tolv var det arrangement på scena.
Abobakar Tsitskiev imponerte med gitarspel.
Abobakar Tsitskiev imponerte med gitarspel.
Innslag frå Ål kulturskule.
Innslag frå Ål kulturskule.
Ålingane venta spent på sommartoget.
Ålingane venta spent på sommartoget.
Ole Andreas Røstad og Torkjell Røer Halvorsen kjøper saft av Ågot Perstølen.
Ole Andreas Røstad og Torkjell Røer Halvorsen kjøper saft av Ågot Perstølen.
Merete, Melissa, Mikael og Gabriel Sjemmedal.
Merete, Melissa, Mikael og Gabriel Sjemmedal.
Helikopteret dokumenterte det heile frå lufta.
Helikopteret dokumenterte det heile frå lufta.

– Me kjem nok ikkje i kveld for det blir for seint for ungane, seier Merete.

- Hurra!

Mathis Stavn Ihle viftar med flagget der han sit høgt oppå skuldra til Ann Rigmor Stavn.

– No kjem toget! ropar han.

Høgt oppe i lufta sirklar eit helikopter. Det heile skal dokumenterast, minutt for minutt. Tonane frå hardingfela til Helga Myhr har så vidt stilna frå scena i det me høyrer toget tute.

Mathis jublar når toget tøffar inn på stasjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Hurra!

Mjølking og klatring

Programleiarane Nadia Hasnaoui og Martin Giæver står i togvindauget og vinkar. Dei blir møtt av eit folkehav på perrongen.

– Det er utruleg moro å sjå så mykje folk, smiler Giæver.

Planen for dagen er klar.

– Eg skal ein tur i klatreparken og Nadia skal mjølke ei geit, seier han.

– Akkurat den mjølkinga er eg veldig spent på, ler Nadia Hasnaoui.

Besøket på Ål blir den første sendinga for programleiarparet.

– Me skal mellom anna helse på skigutane Øystein Bråten og Robert Andre Ruud og Tove Bøygard kjem, fortel dei før dei forsvinn inn i folkemengda.