Torhild Helling Bergaplass (H).
Torhild Helling Bergaplass (H).

Heller færre stillingar enn eigedomsskatt

Ål Høgre vil kutte i kommunale stillingar og lære av kommunar som har kome gjennom økonomiske problem.

Eigedomsskatt eller ikkje? Det er spørsmålet i Ål for tida. Rådmannen legg måndag fram eit forslag som faktisk gir politikarane eit lite handlingsrom. Administrasjonen har funne dei 11 millionane som måtte sparast.

– Eg er glad rådmannen gir oss litt handlingsrom, seier ordførar Solveig Vestenfor (Ap).

Artikkelen held fram under annonsen.

Men handlingsrommet føreset at innbyggjarane skal betale inn 14 millionar kroner i eigedomsskatt neste år. Dette er særleg Høgre sterk i mot.

– Eigedomsskatt løyser ingenting. Lønsveksten i kommunen vil ete det opp med det same, seier Torhild Helling Bergaplass (H). Ho fortel at Høgre vil lansere eit alternativt budsjett utan eigedomsskatt.

– Korleis vil de hente inn 14 millionar kroner?

– Det må bli færre tilsette, og så trur me at me treng ekstern hjelp, frå til dømes ein Robek-kommune.

Ein Robek-kommune er fellesnemninga for kommunar som er sett under administrasjon av staten.

– Er det vanleg å be Robek-kommunar til råds om kommuneøkonomi?

– Det må vere ein kommune som har snudd skuta, seier Helling Bergaplass. Ho meiner 2017 må bli eit mellomår der ein finansierer «tapt inntekt» på eigedomsskatt med sal av kommunale eigedomar og bruk av fond.

– Samstundes må me i gang med å slanke kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kor mange stillingar det er snakk om, er for tidleg å seie.

– Vår medisin er å begynne i andre enden enn å innføre eigedomsskatt. Me må drive meir kostnadseffektivt, seier gruppeleiaren i Ål Høgre.

Formannskapet skal behandle budsjett og økonomiplan måndag.