Hallingplast må halde hjula i gang denne jula for å ligge i forkant i januar og februar. Dagleg leiar Steinar Tragethon (t.h.) og styreleiar Jan A. Sannem ser optimistisk på 2015.
Hallingplast må halde hjula i gang denne jula for å ligge i forkant i januar og februar. Dagleg leiar Steinar Tragethon (t.h.) og styreleiar Jan A. Sannem ser optimistisk på 2015.

Held hjula i gang i høgtida

For fyrste gong i historia må Hallingplast halde produksjonen i gang også i jula.

Det går så det susar med den innovative Kleivi-bedrifta.

– Me har aldri hatt så mykje å gjere, seier dagleg leiar og eigar Steinar Tragethon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mot straumen

Hallingplast går mot straumen.

For der mange andre bedrifter i høgkostland slit og nedbemannar, går det motsett veg i Kleivi. Langs riksvegen på kommunegrensa mellom Ål og Hol produserer bedrifta mellom anna spesialprodukt til bensinanlegg i Tyrkia, Sør-Korea og Russland. I Danmark har dei vinne innovasjonspris og fortent fekk Hallingplast den fyrste næringsprisen i Hallingdal då den vart delt ut i september.

– Det siste året er bedrifta styrka med fleire tilsette. I dag har me 43, seier Tragethon.

Og så mykje har dei å gjere at dei altså må produsere i heilagdagane i jula. Helst ville Tragethon gjeve dei tilsette julefri, men konkurransen i Norge og elles i verda er hard. Det gjeld å ikkje havne bakpå.

– For fyrste gong må me produsere i jula. Men me må ligge i forkant når januar og februar kjem, seier Tragethon som ser optimistisk på det neste året.

Aksjar på ei hand

Frå 19. januar 2015 sit Tragethon også med alle aksjane i selskapet.

Han har drive bedrifta som faren Kåre var med å etablere i 1969 sidan 1980. Frå 1980 og fram til 2006 dreiv han bedrifta saman med broren Roald som gjekk bort det året. Dei eigde 50 prosent kvar av selskapet. Det er denne eigardelen som no blir overført frå Siw-Anita Tragethon.

– Det får inga praktisk betydning for drifta. Det blir ingen fysiske endringar. Dette er med på å legge grunnlaget for det som kjem seinare, seier Tragethon.