Ordførar Tor Egil Buøen. (Arkivfoto)
Ordførar Tor Egil Buøen. (Arkivfoto)

Held auge med barnevernet

– Det er ikkje alltid at det dyraste tilbodet er det beste.

Dette sa ordførar Tor Egil Buøen (Bygdelista) då Flå kommunestyre behandla evalueringsrapporten om barnevernet i Hallingdal.

Buøen sa at barnevern er vanskeleg og at ein vil det beste.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me må gjere det som er bra nok, sa han.

Før Hallingdal barnevern vart etablert i 2011 hadde Flå felles barnevern med Nes. Han sa at dei tilsette i barnevernet gjer ein stor innsats, men at det er stilt spørsmål ved korleis Hallingdal barnevern har vore drive.

– Mykje dreier seg om pengar. Me må følgje nøye med, sa Buøen.