Turistsjef Pål Knutsson Medhus (t.v.) vart heidra under 10-årsjubileet til Norsk Opplevelseskonferanse. Her er Medhus i samtale med Bård Jervan i Innovative Opplevelser.
Turistsjef Pål Knutsson Medhus (t.v.) vart heidra under 10-årsjubileet til Norsk Opplevelseskonferanse. Her er Medhus i samtale med Bård Jervan i Innovative Opplevelser.

Heider til turistsjefen

Turistsjef Pål Knutsson Medhus har vorte heidra for arbeidet med opplevingsbasert reiseliv.

Førre veke vart Medhus heidra saman med 11 andre aktørar. Det skjedde under 10-årsjubileet til Norsk Opplevelseskonferanse i Svolvær.

Blant dei var Hurtigruten og Dyreparken i Kristiansand.

Artikkelen held fram under annonsen.

I grunngjevinga heiter det at Medhus i ti år har arbeidd med å formidle potensialet som ligg i opplevingsbasert reiseliv og opplevingsøkonomi. I løpet av desse ti åra har han levert 424 kursdagar og halde 803 foredrag om temaet. Det har teke han til 216 kommunar og elleve utanlandsoppdrag. 200 reiselivsbedrifter er følgd opp.

– Det har vore ei fantastisk spennande og lærerik reise. Å få ei slik utmerking i selskap med store aktørar gjer meg audmjuk, seier Medhus.