Hallingdølen fekk fleire prisar under LLAs landsmøte på Hamar i helga. Blant anna for årets avisside - historia om "Hotellkongen og den vesle bygda", Thon-eventyret i Flå. Redaktør Lillian Holden tok imot prisen av Ken-Andre Ottesen, betre kjent som BA-desken.

Heider til norske lokalaviser - prisdryss til Hallingdølen

Landslaget for lokalaviser (LLA) var samla denne helga. Hallingdølen kunne reise heim frå landsmøtet med prisar, heider og ære.

Nærare 200 lokalavismedarbeidar og bransjefolk var samla til landsmøte på Hamar.

Tradisjon tru vart det prisutdeling laurdag kveld.

Artikkelen held fram under annonsen.

I konkurransen om Årets lokalavis, vart både Kronstadposten og Hallingdølen hylla med heiderleg omtale. Vinnaren vart Lister, lokalavisa frå Vest-Agder.

Årets lokalavisfoto

Prisen for årets beste bilete gjekk til Hallingdølen med Elias Dahlen for sin magasinreportasje om familien Paulino Khalifa frå Sør-Sudan.

Les også
Fann sitt nye liv i Hallingdal: – Me visste at det var trygt. Og me visste at det var eit betre liv

Juryen skriv;

Biletserien om familien Paulino Khalifa er eit veldig godt, solid og gjennomarbeidd reportasjeverksemd. Fotojournalisten har brukt god tid på folk - og slik fått teke mange gode bilete, som fortel mykje om familien som kom frå Sør- Sudan til eit heilt nytt og annleis tilvære i Hallingdal. Heile serien står seg svært godt, juryen likar bilete frå legekontoret aller best.

Elias Dahlen vann fotopris frå magasinreportasjen om familien Paulino Khalifa, frå Sør-Sudan som kom til Ål desember 2021.

Journalist Tor Folgerø fekk heiderleg omtale med bileteserien frå flaumen i Hallingdal.

Juryen skriv;

Biletserie frå flaumen i Hallingdal dokumenterer på ein framifrå måte konsekvensar av sterke naturkrefter. Det eine bilete av vegen som går i oppløysing fortel nesten heile historia - og me kjenner verkeleg på dramatikken som har herja dag og natt. Bilete er også teknisk godt.

Årets digitale satsing og historieforteljing

Hallingdølen med Anna Huseby og Elias Dahlen vann prisen for Årets historieforteljing. Prisen understrekar Hallingdølen si satsing på podkast.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Røynda» skal vere ein historieforteljande podkast om saker og hendingar som har farga eller prega Hallingdal.

Til no har Hallingdølen fortalt historiene om;

– Hotellkongen og den vesle Bygda

– Trippeldrapet på Geilo

– Skredet i Hol

Juryen skriv;

Det krev mot å skru om produksjonen og satse tungt på lyd. Og når Hallingdølen gjer noko, gjer dei det skikkeleg. Med nykomponert studio og podkasten «Røynda», tok Hallingdølen i 2023 steget inn i Eliteserien blant podkastane. Dei bruker eit digitalt verktøy til fingerspissane og med kvalitet i gjennomføringa.

Nyaste podkasten til Hallingdølen: Historia om Jan Robert Ovrum og Ole Steinar Bryøen som omkom i eit snøskred i Hovet 30. mars 1994.

Årets lokalavisside

Hallingdølen vann prisen for framsida og historieforteljinga om Olav Thon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Eventyret om hotellkongen og den vesle bygda
Spesialutgåve av Hallingdølen i høve Olav Thon sin hundreårsdag.

Juryen skriv;

Det er så kjekt å sjå når ein redaksjon meistrar det å kjenne att styrkane i formata dei lagar. Hallingdølen fortel oss at historia om Olav Thon og Flå kommune er som eit eventyr, og vel difor å presentere saka slik- på meisterleg vis. Lekker layout og flotte illustrasjonar løftar leseopplevinga. Avisa får ekstra poeng for rollelista i starten, eit morosamt grep. Her kan lesarane leve seg inn i historia ved å følgje avisa si oppmoding: «Set deg ned framfor peiselden og les».

Journalist Anna Huseby fekk også heiderleg omtale med sitt arbeid rundt utbygginga av Søråsen, i klassen Journalistprisen.

Her er noko av utdraget frå juryen;

Hallingdølen går i kjernen av eit høgaktuelt tema: Nedbygging av natur. Kva veg tyngst - at urørt område vert verna, eller at ein hytte-utbyggjar, som har investert millionar i god tru, får lov å bygge ut området?