Tony A. Kjøl, (H).
Tony A. Kjøl, (H).

- Har vore skeptisk heile tida

Hol kommune er ute og sonderer kommuneterrenget for tida.

Tony Kjøl synest Ål er eit freistande alternativ, men ser også i andre retningar. Mellom anna mot Nore og Uvdal, som sende dei friarbrev nyleg.

– Me har tenkt å ta ein dialog med Ål og diskutere det som eit alternativ. Men me skal også kikke på andre moglegheiter og gjere den jobben som fylkesmannen har bede oss om å gjere, seier ordførar i Hol, Tony Kjøl.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men han fortel at han heile tida har vore grunnleggjande skeptisk til ei samanslåing.

– Slik utgangspunktet er i dag, meiner eg det ikkje er nødvendig å setje i gang slike prosessar. Men om ein må det, er Ål eit veldig godt alternativ.

Ål kommune vurderer ikkje Ål-Hol-Nore og Uvdal som eit alternativ. Hol er meir positiv innstilt mot numedalskommunen.

– Me har svara på spørsmål frå dei der dei ønskjer å ta ein prat med oss. Det skal me gjere når det passar.

Hol set ikkje ned nokon gruppe for å arbeide med prosessen, formannskapet får den jobben.

– Kva tidsperspektiv ser de for dykk?

– Det første blir i møtet med Ål. Så tek me sikte på eit folkemøte i januar ein gong.