Øvingshelg for gjengen som skal ha framsyning om Rotneims-knut under Landskappleiken i Gol. Ådne Geicke Kolbjørnshus har hovudrolla, og Margit Myhr spelar kona Margrete.

Har urpremiere under Landskappleiken: – Han var ikkje enkel å leve med

Når Landskappleiken går av stabelen i Gol, skulle det berre mangle at Rotneims-Knut fekk plass på programmet.

Slik vart det også. Fredag kveld under Landskappleiken er det urpremiere for ei heilt ny framsyning om Rotneims-Knut. Den er produsert av Sprang, og har i likskap med «Stavkyrkja» namnet Springgard bak manus og regi.

Les også
1740 deltakarar har meldt seg på; då knuste dei rekorden: – Det er stas!

Denne gongen ved Eldgrim, medan Vetle tek hand om koreografi.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Rotneims-Knut var ein stordansar, slåstkar og «alkefant». Han var ikkje berre enkel å vere i lag med, fortel førstnemnde.

Eldgrim Springgard står for manuset, men kallar framsyninga eit gruppearbeid.

Lokal gjeng

Rotneims-Knut, eller Knut Andersson, kom frå Perigarden på Rotneim og levde eit utagerande liv på 1800-talet. Historiene om dansaren er mange, og ikkje alltid like hyggelege. No skal deler av livet hans skildrast gjennom song, dans og skodespel.

Les også
Ventar 5000 gjester til stort arrangement, men manglar varme senger: – Eg håpar fleire melder seg

Framsyninga skjer i Gol Idrettsarena under Landskappleiken, men Hallingdølen møter ensemblet på øving i Ål kulturhus nokre veker i førevegen. I hovudrollene møter me Ådne Geicke Kolbjørnhus, Vetle Springgard, Margit Myhr og Eirik Fuglesteg Luksengard. Helga Myhr og Åsmund Fauske Jøtun står for musikken.

– Det er eit teaterstykke som har hovudelement frå dansen og musikken, seier Margit Myhr, som spelar kona til hovudpersonen.

I hovudrollene møter me Ådne Geicke Kolbjørnhus, Vetle Springgard, Margit Myhr og Eirik Fuglesteg Luksengard. Helga Myhr og Åsmund Fauske Jøtun står for musikken.

Faktiske hendingar

Eldgrim Spriggard viser til fleire kjente feleslåttar frå tida då Rotneims-Knut levde.

– Me brukar noko av dette og byggjer på med teatermusikalske effektar, seier han. Namnet til stordansaren frå Rotneim er kjent langt utover Hallingdal sine grenser. Til og med Grieg fatta interesse for historia om Knut Andersson og livet han levde.

Ådne Geicke Kolbjørnshus har hovudrolla som Rotneims-Knut.

Framsyninga byggjer i all hovudsak på faktiske hendingar, men innhaldet er oppdikta. Det skal vere nok av materiale å ta av. Trass i sine kreative talent hadde Rotneims-Knut lett for å hamne i bråk som kunne ende med både slåstkamp og knivtrekking.

Framsyninga er eit bestillingsverk som er laga i høve Landskappleiken på Gol.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Veldig stas

Det lokale ensemblet ser fram til å få meisterskapen «heim til Hallingdal» att. Sist gong Gol arrangerte Landskappleiken var i 1972.

– Det er veldig stas. Me har jo vakse opp i dette miljøet. Litt ekstra med nervar når det er heime, seier Åsmund Fauske Jøtun.

Landskappleiken går av stabelen den 26. juni, og det er rekordstor påmelding dette året. Golingane forventar om lag 5000 besøkande til bygda i løpet av arrangementet.

Åsmund Fauske Jøtun (bak) og Ådne Geicke Kolbjørnshus.